Bilcross i Vikedal:

Øverland og Frøyland best i Vikedal

Med svært mange førarar frå NMK Vikedal gjorde også førarane frå arrangørklubben reint bord i begge klassane under bilcrossen på Vikedal Motorbane på søndag. Johan André Øverland (t.v.) vann juniorklassen, medan Lars Reidar Frøyland (t.h.) gjekk til topps hos seniorane. 

For Lars Reidar Frøyland frå Tysvær var dette den første sigeren i bilcross etter at han starta med bilsport for fem-seks år sidan. Han gjorde kort prosess med konkurrantane i dei innleiande omgangane, og var saman med Steinar Høyvik den einaste som greidde å ta full poengpott i før finalane. I A-finalen gjekk Frøyland direkte i tet med kompisane Steinar Høyvik og Martin Tveit på dei neste plassane. Alle frå Tysvær kommune og Team Higre. - Ja, det var Steinar Høyvik og eg som starta Team Higre for fem-seks år sidan, og namnet har me tatt fordi Tysvær kommune har ein higre i kommunevåpenet sitt, og me følte at det passa, sier Frøyland som kunne konstatere at i dag blei det full uttelling for teamet. - I tillegg til oss tre her i bilcrossklassen var både Stian Lilleskog og Jens Idar Juel begge i A-finalen for juniorane, og blei til slutt nummer to og fire, så dette var kjempegreier. Fram til i fjor var det Ford Escort for både Frøyland og Høyvik, men no er det folkevogn for begge to. Steinar Høyvik syns det var spesielt artig å kome på pallen med akkurat denne bilen. -Dette er ein bil som eg har bygd opp og skrudd saman sjølv, så dette var moro.


Lars Reidar Frøyland, Steinar Høyvik og Martin Tveit vart nummer ein, to og tre i bilcrossklassen.

Øverland til slutt 
Medan det heile vart avgjort utan særleg dramatikk i seniorklassen, blei det mykje meir dramatisk i juniorklassen der Aleksander S. Eikeland gjekk i tet frå start i A-finalen, som han hadde gjort det i alle dei innleiande omgangane. Men etter eit par rundar hamna han utanfor banen, og Stian Lilleskog overtok leiinga. Det skulle likevel ikkje bli han som til slutt kunne dra sigeren i land. Johan André Øverland kom sist ut frå start, men hadde begynt opphentinga, og til slutt var det berre Stian Lilleskog igjen. - Ja, Stian sklei ut i nest siste sving og eg kunne til lett ta meg forbi og inn til siger, seier Øverland som med dette resultatet også har gått opp i leiinga samanlagt i NMK Vikedal Cup. Stian Lilleskog vart til slutt nummer to og Joakim B. Hansen nummer tre.


Johan André Øverland tar seg forbi Stian Lilleskog i nest siste sving og vinn løpet.