Vikedal Motormarked lørdag 29. juni 2002

Laurdag 29. juni vil NMK Vikedal arrangera Vikedal Motormarked. Det er førebels litt usikkert rundt enkelte av aktivitetane, men hovedaktiviteten er som navnet seier MOTORMARKED. Har du noko du vil selja, helst innan bil og motor, fyll opp bilen og tilhengjaren og ta det med til Vikedal Motormarked. Vi håper dette kan bli Vestlandets svar på Ekebergmarkedet. Har du veteranbil, løpsbil, motorsykkel, delebil, felgar, dekk, deler osv. som du vil selja, ta det med og lag deg salgsbod. Vi held plass til deg heilt gratis. I tillegg er vi interesserte i å komma i kontakt med eigarar av spesielle bilar som vil delta i ei utstilling med desse.

Høyrest dette spennande ut og du har noko å bidra med, ta gjerne kontakt med Sivert Ole Holten på mob. tlf. 905 47433 eller via e-post sivert.holten@billisten.no 


NMK Vikedal feirar 20 år med ..
Motormarked og Mestermøte

NMK Vikedal kan i år sjå tilbake på sine første 20 år. Våren 1982 vart det første spadestikket tatt på det som etterkvart skulle bli Vikedal Motorbane og i november same året vart klubben NMK Vikedal offisielt stifta. I jubileumsåret 2002 er det lagt opp til eit tett program med Motormarked og Mestermøte siste helga i juni som sjølve bursdagsfeiringa.

Av Sivert Ole Holten

Det er tysværbuen Steinar Høyvik (bildet) som leiar NMK Vikedal i jubileumsåret, og sjølv om han visste kva omfattande planar klubben hadde for jubileumsåret, tok han i november på seg jobben med å lose klubben gjennom milepelen.
- Eg har følgt NMK Vikedal frå sidelinja i mange år. Eg har vore publikum og vart etterkvart dratt inn som vakt når klubben skulle ha løp, og med den bilinteressa eg i utgangspunktet hadde, bestemte eg meg for nokre år sidan å begynne å køyre bilcross, fortel Steinar Høyvik.
Framleis står bilcross på programmet, og han køyrer saman med nokre kompisar frå Tysvær i Higre-Teamet, og mange har nok lagt merke til dei blå-lilla Escortane til Steinar & Co om dei har vore på løp i Vikedal.

Motormarked og Mestermøte
I samband med jubileet ønskjer NMK Vikedal å ta tak i ein gamal tradisjon samstundes som dei prøver seg på noko nytt.
- Vikedal Motormarked og Mestermøtet 2002 er noko som styret har arbeidd med sidan før jul. Vikedal Motormarked  tek utgangspunkt i kjøp og salg, utstillingar og ulike aktivitetar innan motor og motorsport. Ja,  du kan vel godt seie ein aktivitetsdag der interesse for bil og motor er utgangspunktet, forklarar Steinar Høyvik og inviterer alle som har ei fin bil eller motorsykkel å stille ut, eller noko gamalt rask i garasjen dei vil bli kvitt, om å ta turen til Vikedal siste laurdagen i juni. Dagen etter blir det Mestermøte.
- Tanken bak Mestermøtet er å kunne vise fram dei beste i bilcross og rallycross, basert på dei resultata dei har i NM, Vestlandsmesterskapet og NMK Vikedal Cup. Me ser for oss dette som eit årvisst arrangement, og om me ikkje får det heilt til i år, blir det i allefall ei fin markering for mange av dei nye, unge talenta i klubben.    

Jubileumsfrukost
Den offisielle bursdagsfeiringa for NMK Vikedal startar med gratis jubileumsfrokost før Motormarkedet opnar kl 12.00, og Steinar Høyvik meiner det av og til er viktig å gi noko tilbake til alle som har støtta klubben opp gjennom åra. 

- Om det er nokon som har vore på alle dei om lag 80 løpa klubben har arrangert veit eg ikkje, men mange er nok veldig nær. Laurdag 29. juni blir det fest, og om det skulle bli dårleg ver, som det av og til har vore, er det berre å ta med regnkler og godt humør, så går det nok bra, seier ein entusiastisk Steinar Høyvik.

 

Vikedal Motormarked:
Mekonomen stiller

Den ny-opna bilutstyrsbutikken Mekonomen i Hemmingstadvegen i Haugesund stiller på Vikedal Motormarked, og butikksjef Terje Solberg (bildet) seier at det også kan hende at dei blir over til søndagen og Mestermøtet.
- Ja, me ser svært positivt på dette arrangementet og vil gjerne vere med å støtte opp under noko som verkar interessant. I tillegg til at Mekonomen riggar opp eit telt under motormarkedet og flyttar delar av butikken inn til Vikedal, kjem dei òg til å ha gode tilbod under markedet.
- Ja, me kjem til å ha nokre godbitar som det kan vere verdt å ta ein tur til Vikedal Motormarked for å få tak i, seier Terje Solberg. Så følg med på www.nmk-vikedal.net slik at du får med deg tilboda når Mekonomen har desse klar.

 

 

Vikedal Motormarked:
Denne Ferrarien kjem, kjem du med din spesielle bil?


Denne Ferrarien, som høyrer heime i Haugesund og no har fått norske skilt, kan du studera nærmare på Vikedal Motormarked. Har du ein spesiell bil som du ønskjer å vise fram til andre bilinteresserte, kan du ta han med til Vikedal Motormarked. Den treng ikkje vera like dyr eller spesiell som denne. Har den ei spesiell historie eller tilknytning til vårt distrikt kan vi hjelpa til med å laga ein lapp om dette. Om det er ein veteranbil, sportsbil, amcar eller fin 70- eller 80-talar betyr ingenting, vi har plass til det meste av spesielle bilar. Dersom du i tillegg har deler, utstyr, bøker, katalogar eller anna i tilknytning til motor som du ønskjer å selja bør du ta det med og laga deg "salgsbu". Det er fleire som allereie ryddar i garasjen og skal ha utsalg, så her er det muligheter for gode kjøp.


 
Suldal Billakkering tømer hyllene

Suldal Billakkering går gjennom hyllene sine og tar med seg deler og utstyr og blir med på Vikedal Motormarked.
- Ja, det har samla seg opp ein god del deler i løpet av åra som tar plass, og som me godt kan tenkje oss å bli kvitt, seier Svein Bjarte Holten som vonar at motormarkedet er staden der delene kan finne nye eigarar. Når det gjeld kva type deler det er snakk om nemner han både lykte- og lysutstyr, lettmetallfelgar og diverse plastikk og karosserideler.
- Noko er brukt medan andre ting er heilt nye, men fellesnemnaren er at mykje av dette er ting me ikkje har bruk for, men som likevel kan vere akkurat det andre er på jakt etter.

                  

Svein Bjarte Holten viser her fram noko av delene, både nye og brukte, som har samla seg i hyllene hjå Suldal Billakkering, og som laurdag 29. juni finn vegen til Vikedal Motormarked.

 

Motocross i framgong
MX-gruppa, under leiing av Jan Hegerland har jobba godt dei siste åra, og under Vikedal Motormarked 29. juni vil publikum kunna få sjå noko av det dei har fått til. I løpet av dei to siste åra har motocrosstraseen på Vikedal Motorbane blitt oppgradert og i sommarhalvåret blir det kjørt treningar kvar lørdag i tillegg til onsdagar etter behov.
Det er ikkje berre i NMK Vikedal at motocrossinteressa er aukande, også på Stord og i Sauda har motocrossbanar blitt bygt og fleire aktive melder seg på. Med det store motocrossanlegget på Karmøy bør det difor liggje godt til rette for auka motocrossaktivitet i regionen dei neste åra.

Meir informasjon om motocross vil du få på NMK Vikedal sin stand under Vikedal Motormarked, og kl 14.00 blir det demonstrasjon av motocross gjennom motocrosstraseen.

 

 

Bra med motormarked
Amcarentusiasten Ingvard Vaka frå Ølensvåg er positiv til at NMK Vikedal no arrangerer motormarked, og håpar at dette blir eit årleg tiltak på Vikedal Motorbane.
-
Bilinteressa er stor i distriktet og skal me koma på eit slikt marked må me ta turen til Austlandet, seier han, som har vore i kontakt med ein gjeng frå Kvinnherad som han veit kjem nedover i helga.
Sjølv stiller Vaka med ein 1971 modell Pontiac Firebird Transam som han nettopp har kjøpt i Sverige og som han sel vidare til rett pris.
- Bilen er ikkje akkurat eit prakteksemplar, og eg reknar nok med ein mangellapp i morgon når bilen skal tollast, seier Vaka, men legg til at 455 Big Block-motoren på 7.5 liter er nyoverhalt og for ein som er på jakt etter ein slik bil for å ha noko å jobba med, er det eit godt utgangspunkt. Bilen finn du altså på Vikedal Motormarked og kanskje tar Ingvard med seg nokre deler som har blitt til overs.
- Ja, eg får sjå kva eg finn.

      


Knattecross populært
Knattecross er ein veksande aktivitet i NMK Vikedal, ein aktivitet som kort sagt er motocross for svært unge utøverar.
-
  Ja, knattecross kan dei unge delta i frå dei er fem år og oppover, og så langt har me no fått ei gruppe på 8-10 utøverer i gruppa opp mot 9 års alder, seier Bryn Rønnevik som er den i MX-gruppa som er ansvarleg for aktiviteten blant dei yngste i klubben.

Det blir arrangert trening for gruppa kvar laurdag, og mange stiller opp. No blir det demonstrasjon på motormarkedet.

- Ja, me føler no at me er klare til å gå ut med reklame for dette tiltaket, og ønskjer interesserte velkommen til NMK Vikedal sin stand på motormarkedet og demonstrasjonen som me skal ha den dagen.


Byggjer bilcrossbil
Ei gjennomgåande sak er at NMK Vikedal i løpet av Vikedal Motormarked har sett seg som mål å byggje ein fiks ferdig bilcrossbil.

Det er Svein Bjarte Holten som står bak dette prosjektet, ein mann som har vore med i alle dei 20 åra klubben har eksistert. Han får med seg ein gjeng unge bilcrossbyggjarar, og med start kl 9.00 om morgonen er målet at bilen skal vere ferdig i tre-fire tida, seier leiaren i NMK Vikedal, Steinar Høyvik. Han trur at denne måten å marknadsføre arbeidet i klubben på kan vere med skape ny aktivitet.

- Her kan nye interesserte verkeleg få eit innblikk i kva bilcross går ut på, og kanskje kome i kontakt med dei rette personane i miljøet, seier han og legg til at det at Svein Bjarte Holten har tenkt å delta med bilcrossbilen dei byggjer under Mestermøtet neste dag, berre set ein ekstra spiss på det heile.

Det er Svein Bjarte Holten (t.h.) som er ansvarleg for et ein Opel Kadett i løpet av motormarkedet blir forvandla til ein bilcrossbil. Her i arbeid på sin eigen Ford Focus .

 

Og her er litt frå tjuvstarten
Ettersom Svein Bjarte alltid køyrer for å vinne, fann dei ut at dei måtte skifte motor. Ein godt innkjørt (nesten 300.000 km) 1.3 S med 75 hk orginalt, nå med godt nedsliten kamaksling, litt oljeforbruk og svetting, var sannsynligvis ikkje godt nok til det. Dermed starta prosjekt motorbytte. Dette kunne ein ikkje gjera på motormarkedet, fordi ein var usikker på kva ein ville ha behov for av deler. Ein kondemnert Kadett GSi vart skaffa, og i løpet av 2 kveldar var motoren flytta over. Ein liten feilkobling av pluggkablane gjorde at det vart nokre kraftige smell på dei første startforsøka, men når dette var ordna, gjekk han som ei klokke.

Svein Bjarte Holten i arbeid med å finna årsaken til dei kraftige smella under startforsøket.

 

 

Ølen Bilsenter kjem, kjem du ...

Ølen Bilsenter og Jostein Hundseid har tenkt seg til Vikedal Motormarked, og om vêret blir fint tar han med seg ein gamal Volvo PV som han fekk tak i i Tyskland for ei tid tilbake.

-  Ja, då eg kom over denne strøkne PV´n måtte eg berre slå til, seier han.

Litt lenger bak på området til Ølen Bilsenter står ein annan spesiell bil, ein BMW 745i frå 1987.

- Ja, for dei som ønskjer seg ein luksusbil er kanskje dette eit rimeleg alternativ. Dette var nemlig den dyraste bilen BMW produserte i 1987, seier Hundseid, som også har planar om å ha denne bilen med seg på Vikedal Motormarked. 

Jostein Hundseid framføre Volvo PV´n som han tar med seg til Vikedal Motormarked om veret held.

 

Ein gamal BMW M5 kjem og til Vikedal Motormarked 

Ein av dei første BMW M5 som vart laga vert å sjå på Vikedal Motormarked i helga. Akkurat denne bilen vart laga i sept./okt. 1984, medan modellen først vart vist offentleg på bilutstillinga i Amsterdam i februar 1985. Bilen var registert på BMW Motorsport fram til sommaren 1986 då den vart importert til Norge av EuroCar i Stavanger. Den gjekk i Stavanger-området til nyttår 1989, då den vart seld til noverande eigar i Sandeid. Det vart totalt laga 2241 bilar, 1370 med katalysator til USA, 283 med høgre-ratt og 588 som var lik denne bilen. Motoren er ein rekkesekser på 3453 ccm, 24 ventilar og 286 hk v/6.500 rpm. Det gjer at den brukar ned mot 6 sek. på 0-100 km/t og skal klara 245 km/t i toppfart.

 

 


Overnatting:
Her er ein liten oversikt over plassar der du kan få overnattingsplass i rimeleg nærhet til Vikedal Motorbane dersom du treng det:
I Vikedal:
Skeie Camping                tlf. 52 760134             Hytter
Grimås Camping              tlf. 52 760184             Hytter
Vikedal Camping             tlf. 52 760138             Hytter
Haugen Herberge             tlf. 52 760192             Hytter, rom
Sommerhaven Motel        tlf. 52 760113             Rom
Vikedal Sæter                 tlf. 52 760590             Rom

Ølen (25 km):
Ølen Gjestegård              tlf. 53 766100             Rom