Bilcross junior:

Fleire av dei som kjørte i denne klassen i fjor, er no så gamle at dei vil delta i andre klassar. Påmeldinga til lisenskurset er god, med deltakerar frå Vikedal, Vats, Tysværvåg, Sagvåg og yrkesskulen i Sauda. Dette er det vi har snust opp juniorane:

I Vikedal har Rikard Særsten ein ny Golf klar, Ørjan Vikedal har fiksa litt karrosseriskader på Sierraen, Arnt Richard Andreassen fortset med sin Volvo og det blir 2 nye førerar i Per Inge Sandvik (eigenbygd Ford Escort MK III) og Ingar Utaaker (sannsynligvis i Volvo 360). I Sandeid har nok Ragnvald K. Bjelland bytta motor i sin Golf etter litt problemer i fjor haust og Geir Harald Skeie skal fortsetja med den Peugeot 205 GTI-en han overtok frå Johannes H. Leifsen. Stian Tysnes fortset i sin Fiat 131. I Ølensvåg er Marius Vaka Lothe involvert i eit Escort-prosjekt, men om han skal kjøra den eller fortset med Peugeoten veit vi ikkje enno. ”Sierra-kameratane” i Røyksund (Rolf Andrè Eilertsen og Roald Johan Saltvedt) trur vi kjem sterkt også i år. Det kanskje mest gledelege i år er at det sannsynlegvis kjem fleire nye både frå Vats og Sagvåg. Team Higre i Tysvær har fått eit juniormedlem i år. Åsmund Susort skal på lisenskurs, men det er visst ikkje heilt avklart kva bil han skal køyra. I Vats er Roger Dale klar med ein nyinnkjøpt Ascona, og i tillegg er det 4 gutar til som skal delta på lisenskurset. Frå Sagvåg er det 3 gutar som er påmeldt. Dei fleste har vel no fått med seg at det er ein bilcross-bil under bygging på Sauda vidaregåande skule og at rektor skal kjøra den (men ho er ikkje junior). I tillegg er det fleire av elevane som skal løysa lisens. Men vi manglar fortsatt jenter. Finnes det ingen jenter som har lyst til å kjøra billøp?

 

Bilcross, damer:

Her har vi tru på at det finnes mange som har lyst, men vi treng ei som kan gå litt i bresjen. Ta kontakt så skal vi leggja forholda til rette. Kanskje mødrene til nokon av juniorane er interessert? Det er mogleg å dela same bil mellom dei 3 bilcross-klassane.

 

Bilcross, herrer:

Øyvind Eikeland, som kanskje var best av våre i fjor, skal køyra same bobla som i fjor. Team Higre held fram med sine Escortar. Lars Reidar Frøyland har rett nok bytta Escort frå den som vart mishandla i Bergen til den ”gamle” RC-nasjonal bilen til Øyvind Våge. I tillegg er teamet utvida med 2 nye, aktive medlemmer, Tore Hundsnes og Jarle Lilleskog. Tore Hundsnes køyrde ikkje i fjor etter å ha selt bilen til Terje Steinnes. I år stiller han i den gamle Skodaen som Johannes H. Leifsen hadde. Johannes skal køyra ”gamle-bilen” til broren, Ernst Harald. Jarle Lilleskog har kjøpt ein Escort frå Fitjar. Tom Jøran Johnsen har selt Sierraen og kjøpt seg ein Toyota Corolla som tidlegare har vore brukt i rally.

Det er og ein del andre som allereie er klar, både nye og enkelte som gjer comeback. Joar Torsen har kjøpt tilbake bobla som Rune Nes køyrde i fjor. I tillegg har han ei boble til som snart er klar. Oddvar Kalland frå Haugesund er klar med ein Volvo 240 etter press frå barnebarna, og Roald Bjordal frå Vikebygd er klar med Opel Ascona.

 

Rallycross nasjonal:

Dette vil nok bli ein hard klasse i 2002. Det går rykte om at fleire bergenserar kjem med Escort MK II med store Volvo-motorar. I tillegg har nok ikkje Lutsi-gjengen kvilt på laurbæra. Terje Steinnes var nok svært skuffa over å tapa VM med så knapp margin som han gjorde. Kva lurt han har på gong veit vi ikkje, men målet er nok VM i år og. I Haugesund vert det arbeidd med ein Mercedes 190 som det er snakk om skal brukast både til racing og rallycross. Det er Ben Inge Hammer som er ansvarleg for denne. Planen er å ta eit garasjebesøk der ettersom ryktene fortel om fleire spennande prosjekter, så den som følgjer med på internettsidene får sjå.

            På Fitjar har Nils Arve Helland kjøpt Terje Heggøy sin Volvo 240 og skal køyra nasjonal med den. Broren Håvard Helland har overteke bobla som Nils Arve har køyrt med før, og den bobla han heldt på å byggja opp, har han selt til ein kamerat. I Vikedal er Ernst Harald Holten Leifsen klar og skal køyra i denne klassen med gamlebilen til Bjørn Lunde og den gamle motoren til onkel Svein Bjarte. Han skal og køyra eit par NM-rundar saman med Svein Bjarte.

 

Rallycross supernasjonal i/1600 ccm:

Dette blir i år eigen klasse i Vestlandsmesterskapet. Håpet er at dette kan vera ein billigare klasse, når det no ser ut til at det vert satsa sterkt også i nasjonal klasse. Aktuelle bilar er VW Golf, Boble, Peugeot 205, Ford Fiesta o.l. Terje Steinnes har sin "gamle" Peugeot 205 GTI ståande for sal, så dei som interessert kan ta kontakt med han. I tillegg er det ein Golf til sals i Kvinnherad, men vi er usikre på om den har 1600 eller 1800 ccm motor.

 

Rallycross supernasjonal i/2000 ccm:

Her var det stort sett Leif Roald Bjelland og Svein Bjarte Holten som deltok frå oss i fjor. Begge var nok svært skuffa over det som skjedde i fjor og revansjelysten er nok stor. Leif Roald har ny motor under bygging hjå Rune Ørke på Frakkagjerd. Svein Bjarte sin motor svarte ikkje til forventningane og har vore tilbake hjå Per Gulbrandsen for å få ytelsen opp mot det den skal og må vera.

            Bergenserane vert nok sterke i år og. Tommy var dominerande i fjor og det vert spennande å sjå om det er nokon som kan ta opp konkurransen med han i år. Det var broren, Åge, og Gorm Olsen som kom nærmast i VM i fjor. I tillegg til våre eigne er vel Kjetil Møn i ein ny BMW M3 og Ole Kristian Nøttveit i den ”gamle” M3’en til Kjetil dei skarpaste utfordrerane. I tillegg dukkar det nok opp fleire nye bilar.

 

Rallycross supernasjonal o/2000 ccm:

Etter litt att og fram ser det fortsatt ut til at fjorårsbilen til Eivind Nevland frå Egersund endar på Fitjar. Det er Terje Heggøy som satsar på grommare redskap for å kunna ta opp kampen med dei beste. Ole Vidar Helland vurderer og å selja sin Volvo 460. Alternativet er å setja inn ein automatkasse og køyra sjølv. Knut Olav Skaar skal ta vidareutdanning og har selt sin Volvo 240 til Joar Torsen. Joar satsar dermed både på bilcross og rallycross i år. I bilcross er visst målet å kvalifisera seg til landsfinalen og køyra den. I rallycross skal han køyra VM og NM-runden på Lyngås.
            I Bergen satsar Morten Hagen igjen med Volvo og evolution-motor etter eit kvile år. Håvard Gaassand og Lennart Vetås har og oppgradert til evolution-motor. Geir Nøttveit kjøpte ein 240 med evolution-motor frå Ole Johan Smerud i fjor haust. I tillegg fortset nok Jostein Skjerve med sin spesielle Holden Commodore med V8.