Bilcross- og RC nasj. løp 8. og 9. juni 2002

-- Tilleggsregler  --     -- Plakaten i høg oppløysning --      -- Startliste --              
-- Pressemelding --     -- Overnatting --          -- Resultater: RCN   BC  --

Reglementer :  Værsting Cup i bilcross
                        NMK Vikedal Cup for:        Bilcross jr.        Rallycross Nasjonal

Helga 8. og 9. juni vert det arrangert 2-dagars bilcross- og rallycross nasj. løp. Løpet er 2. runde i NMK Vikedal cup for BC jr. og RC nasj. og 2. runde i Værsting Cup i bilcross.
    Med god oppslutnad frå dei aktive håpar vi på over 50 deltakerar i bilcross, 20 i bilcross jr. og 25 i rallycross nasjonal. Dei beste i bilcross blir kvalifisert til mestermøtet den 30. juni.
    Vi håpar eit 2 dagars løp kan vera attraktivt for dei aktive. Det vert mykje (forhåpentlegvis) kjøring med 5 innleiande omgangar, 3 på laurdag og 2 på søndag. Vi håpar i tillegg å få til nokre aktivitetar for heile familien laurdag ettermiddag og kveld. Vi vil komme nærmare tilbake med kva dette blir etterkvart som ting fell på plass.
     Det er mogleg å overnatta på baneområdet for dei som har telt eller campingvogn. Sidan vi ønskjer ei familievennleg ramme på arrangementa våre, er det ikkje tillatt å nyta alkohol på baneområdet.

 



Tidsplan for arrangementet:

Laurdag kl. 08.30-11.00  Innsjekk    (medl. i NMK Vikedal seinast kl. 10.00)
08.30-12-00 Teknisk kontroll   (medl. i NMK Vikedal seinast kl. 10.30)
12.05 Førarmøte
12.30-12.45 Trening, Bilcross junior
12.45-13.00 Trening, rallycross nasjonal
13.30 Start, 1. omgang
ca. kl. 17.30 Ferdig med 3. omgang
Søndag kl. 08.30-09.30 Førarkortkontroll
09.45-10.00 Trening, rallycross
10.00 Start, 4. omgang Bilcross-klassene
12.30 Start, 4. omgang Rallycross nasjonal
ca. kl. 14.10 Ferdig med 5. omgang
ca. kl. 14.15 Start, finaler
ca. kl. 15.15  Premieutdeling


Tilleggsreglar:
Her kan du laste ned tilleggsreglane i Acrobat-format (.pdf):

Rallycross nasj.            Bilcross


Pressemeldingar:

Storstemne i Vikedal

Nesten 100 bilar påmeldt

Over 90 bilar er påmelde til todagars-løpet på Vikedal Motorbane til helga, og om arrangøren passerer 100 bilar før løpet startar på laurdag, kan ein godt seie at NMK Vikedal er tilbake til gode gamle dagar.

At interessa for bilsport har vore aukande den siste tida er noko som har vore ein synleg tendens dei siste to-tre åra. Denne våren har det formeleg eksplodert, og talet på førarar er i ferd med å bli ei skikkeleg utfordring for arrangørane. Etter at NMK Vikedal i mange år måtte arrangere kombinerte bil- og rallycrossløp, er utfordringa no å få plass til alle som vil vere med, sjølv om det blir køyrd reine klassar. Forrige helg var rundt 90 bilar påmeldt berre i bilcrossklassen i Bergen.
For første gong på mange år avviklar NMK Vikedal bilcrossen til helga over to dagar, startar litt seint på laurdagen og held fram på søndagen, før det heile blir avslutta med finalar søndag ettermiddag. Løpsleiar Bjarte Lygre kan fortelje at det blir nok av bilsport å få med seg både for dei aktive og publikum som møter fram.
- Ja, totalt køyrer me fem omgangar i bilcross, og med tre omgangar på laurdagen og to på søndagen reknar me likevel med å vere ferdige til vanleg tid.

Værsting Cup
Nytt av året er at også bilcrossen har fått på plass sin eigen cup, Værsting Cup 2002. Første runden vart avvikla i Bergen i slutten av mai, andre runde går no til helga, før det heile blir avslutta med tredje runde på Vikedal Motorbane i august og grand finale i Bergen i slutten av september.

Øyvind Eikeland (bildet) er den einaste føraren frå NMK Vikedal som har skaffa seg poeng etter første runde. Ikkje uventa, for Eikeland har vore den mest solide bilcrossføraren i NMK Vikedal dei siste par sesongane. Med dei to neste rundane på heimebane vil nok fleire av bilcross-førarane blande seg inn i toppen før værstingen kan kårast på Eikås Motorsenter utanfor Bergen 21. september.

NMK Vikedal Cup
I tillegg til bilcross blir det og køyrd bilcross junior og rallycross nasjonal, der begge klassane tel med i NMK Vikedal Cup. Første runde i NMK Vikedal Cup vart avvikla i april, og i bilcross junior er det Geir Harald Skeie frå Sandeid som leiar føre Rangvald Bjelland og Ørjan Vikedal. 

Skeie (bildet) har så langt i sesongen vore ein einer i bilcross junior, og har vunne dei tre bilcrossløpa han har deltatt i.
I rallycross nasjonal er det Øyvind Tveit som leiar NMK Vikedal Cup føre Ernst Harald Holten Leifsen, med Øyvind Våge på ein tredje plass. Medan Øyvind Tveit, på grunn av motortrøbbel måtte stå over andre runde i Vestlandsmesterskapet, var både Holten Leifsen og Våge på plass i Bergen for å sanke nye poeng. Det er då også desse to førarane som ligg etter Ørjan Lutsi i samandraget i Vestlandsmesterskapet.


Reglement for Værsting Cup:
(eller last det ned i Acrobat format ved å høgreklikke her...)

Værsting Cup 2002

1. Innbydelse

Det arrangeres i 2002 Værsting Cup i bilcross. I tillegg til bestemmelsene i NSR og den enkelte konkurranses tilleggsregler, arrangeres mesterskapet etter nedenstående regler.

 

2. Deltakere

Mesterskapet er åpent for førere som innehar gyldig lisens for bilcross. En fører regnes som deltaker når papir- og teknisk kontroll er godkjent.

 

3. Tellende løp

25. mai               Eikås Motorsenter               NMK Bergen

8.-9. juni            Vikedal Motorbane               NMK Vikedal

25. august          Vikedal Motorbane              NMK Vikedal

21. september   Eikås Motorsenter                NMK Bergen

 

5. Bedømmelse

Mester blir den som oppnår høyest poengsum. Poengene beregnes etter EM-skalaen: 20-17-15-13-12-11-10-9-8-7-6-5-4-3-2-1.

Ved poenglikhet mellom to eller flere førere avgjøres rekkefølgen gjennom størst antall seire, andreplasser osv. Er det fortsatt likhet,  skal resultatet fra siste løpet i mesterskapsserien være avgjørende.

 

7.  Premiering

Det blir foretatt premiering av de tre beste i  mesterskapet, og arrangørene av hver av rundene betaler kr 1000,- til denne premieringen.

 

6.   Sekretariat

Bilgruppa i NMK Vikedal v/ Leif Roald Bjelland påtar seg sekretariatfunksjonen for cupen.

 

Påmeldinger :

Eikås Motorsenter :
NMK Bergen, Postboks 45  5871 Nyborg, eller http://www.nmk.no/bergen

Vikedal  Motorbane :
NMK Vikedal,  Pb. 101,  5586 Vikedal,  eller http://www.nmk-vikedal.net


Overnatting:
Her er ein liten oversikt over plassar der du kan få overnattingsplass i rimeleg nærhet til Vikedal Motorbane:
I Vikedal:
Skeie Camping                tlf. 52 760134             Hytter
Grimås Camping              tlf. 52 760184             Hytter
Vikedal Camping             tlf. 52 760138             Hytter
Haugen Herberge             tlf. 52 760192             Hytter, rom
Sommerhaven Motel        tlf. 52 760113             Rom

Ølen (25 km):
Ølen Gjestegård              tlf. 53 766100             Rom