Motocross:
Behov for aktivitetsleiarar i knattecross!
Me har fått eit problem ang. utdanning av aktivitetsledere for
knattecrossen. Det viser seg at fleire av dei som var oppsett
til å ta dette kurset, ikkje får anledning/mulighet allikevel.
Det er eit krav at ungar i aldersgruppa 5-12 år skal ha ein barne-aktivitetsleiar
til stades under trening. Foreløpig er det berre undertegnede
som har sagt seg villig til å ta kurset. Dette kan i verste
fall resultera i at me berre kan ha offisielt oppsett/lovlig
knattetrening 1 gong pr. månad.
MEN DETTE MÅ ME FÅ TIL!!
Har du mulighet for væra med på eit slikt kurs eller ynskjer
å vita meir, ta kontakt med underteikna snarast. Me har jobba
for å få dette til i snart 2 år, og det kan bli lenge til
neste mulighet her på Vestlandet. Set av ei helg + 4 timar, så
kan alle som vil, dra nytte av det kvar helg etterpå! Dess
fleire me blir dess mindre "belastning" på den
enkelte.
Knattecross i Vikedal = Moro på to hjul for dei
minste (og foresatte)!
Kursinfo
Del 1:
Generelt om barneidrett. Les meir om denne delen på Idrettens
Studieforbund her
..
Dette kurset er det same for alle idrettsgreiner.
Stad: Bø Ungdomsskule Karmøy
Tid: Fredag 13. sept. kl. 18.00-21.00
Lørdag 14.
sept. kl. 10.00-17.00
Søndag 15. sept.
kl. 11.00-17.00
Del 2:
4 timar spesielt retta mot idretten Motocross
Stad: Motocross klubben på Helganes Karmøy
Tid: Onsdag 18. sept. kl. 18.00-22.00
Kurs- og reiseutgifter vert dekka av NMK Vikedal.
Sportsleg helsing
MX-Gruppa NMK Vikedal
Jan Hegerland
Tlf. 53-766050 Fax 53-766051 Mobil 90-623509
E-post: jan@janshydraulikk.no
|