Værsting Cup 2002 :
Øyvind Eikeland med full kontroll


Øyvind Eikeland hadde full kontroll på Værsting Cup etter full pott i dei innleiande omgangane på Eikås Motorsenter i Bergen på laurdag. Korkje Dag Solbakken og Kjell Askeland kom til finalane, og dermed var det eigentleg berre Per Arne Blindheim frå Bergen som kunne truga samanlagtseieren til Øyvind, ettersom begge kom til A-finalen. Med 6 poeng å gå på måtte Blindheim vinna og Øyvind ikkje bli betre enn nr. 4 for at det skulle glippe for Øyvind. Det vart litt spenning i ein sving når Øyvind var langt ute, men han klarte å halda Blindheim bak seg og trygga samanlagtseieren inn til mål med å sikra seg 4. plass. Per Ole Kolterud, NMK Fluberg, vann løpet i Bergen.

Det opna ikkje så bra i bilcross junior. Marius Vaka Lothe hekta i ein kant og øydela forstillinga i første heat. I andre heat leia Geir Harald Skeie klart fram til det stod 150 meter igjen. Da stoppa det nesten opp, og han trilla i mål til 5. plass. Det viste seg etterpå at giroverføringa hadde losna, slik at han ikkje fekk bilen i gir. Omgangen vart delvis redda av Stian Tysnes som kjørte inn til 3. plass i sitt første heat på Eikås.
        I seniorklassen gjekk det betre med Øyvind Eikeland i 2. heat. Han tok starten framfor Gisle Morten Hetland, og kontrollerte inn til mål. Tom Jøran Johnsen i heatet etter tok og starten i sin Fiat Abarth og vann sitt heat. I eit seinare heat vart det eit kort løp for Per Gaute Østbø. 40 meter etter start rauk eine drivakselen på Skodaen. Sidan det ikkje fanns sveiseapperat å oppdriva på Eikås, var det berre å gi seg for dagen. Glenn Olav Lothe var heldigare og kjørte inn til 3. plass. Einaste deltakar frå Team Higre, Jarle Lilleskog, opna bra med 2. plass i siste heat.
        I andre omgang vart det full stopp for Geir Harald. Årsaken viste seg å vera feil med bensintilførsla, noko som vart retta til 3. omgang. Stian kjørte enno betre enn i første omgang og vann sitt heat. Marius fekk så store skader i første omgang at han måtte gi seg for dagen.
        For ein gong skuld tok ikkje Øyvind starten i sitt heat i andre omgang. Det var det ein Hylke-Opel som gjorde. Den gjekk så bra at Øyvind heller ikkje kom forbi før i nest siste sving. Då snurra Opel'en, og Øyvind fekk sin andre heat-seier. Tom Jøran fekk litt hardare konkurranse i sitt heat pluss at han var litt sein i starten. Dermed vart det "berre" 3. plass i denne omgangen. Glenn Olav Lothe missa i målsvingen i denne omgangen og vart ståande, medan Jarle Lilleskog fekk ein 3. plass i sitt heat.
        Geir Harald lukkast betre i 3. omgang. Bilen virka som den skulle, og dermed vann han sitt heat soleklart. Stian fekk hard konkurranse frå Anders Nytveit, som vann i Vikedal sist helg, i sitt heat. Han klarte likevel å sikra seg heat-seieren. Dermed vart det 5. spor i B-finalen for Geir Harald, og nestbeste spor for Stian, ved sida av Anders Nytveit.
        Øyvind tok igjen starten i sist heat, og vann dette greitt. Tom Jøran var også betre med i starten i sitt heat, og vann dette. Jarle Lilleskog tok ein ny 3. plass i sitt heat, medan Glenn Olav fekk problemer i sitt. Jostein Hannisdal frå Valestrandsfossen som kjører for NMK Vikedal, fekk det ikkje heilt til med sin Volvo og vart nr. 59, plassen framfor Glenn Olav. Jarle fekk 24. plass etter ein andre og to tredjeplassar. Tom Jøran hadde 3. spor i B-finalen, medan Øyvind var ein av 4 med full pott i A-finalen. Sistemann direkte i A-finalen var Gisle Morten Hetland med 27 poeng.
        I B-finalen for junior gjekk Geir Harald rett i tet og hadde full kontroll. I A-finalen var han og godt med i starten, men fekk ei bom giring eller noko og fall litt tilbake. Det var Anders Nytveit som var raskast ut frå start med Stian hakk i hæl. Geir Harald kjørte seg opp til 3. plass, men Stian kom seg ikkje forbi Anders. Dermed vann Anders framfor Stian og Geir Harald.
        Det var ingenting å gjera med Per Ole Kolterud frå NMK Fluberg i sin VW Jalla i seniorane sin B-finale. Han vann som han ville framfor Bjørn Arve Hjelmås, NMK Bergen. Tom Jøran kom ut på fjerdeplass, men avanserte til tredjeplass etterat Sigbjørn Hannisdal, som vann C-finalen, la Kadetten på taket i første sving. Dermed vart det ein fortent og oppmuntrande 8. plass på Tom Jøran. I A-finalen var det Per Ole Kolterud som var raskast ut frå start. Fred Ove Vatle var nærmast, med Øyvind og Gisle Morten hakk i hæl. I andre runden kom Øyvind lang ut i bilcrosssvingen. Gisle Morten smatt forbi, medan det vart litt klabb og babb deretter som Øyvind kom best ut av. Denne stillinga heldt seg til mål. Dermed vann Per Ole Kolterud framfor Fred Ove Vatle, Gisle Morten Hetland, Øyvind, Sindre Seterstøl og Per Arne Blindheim. Det gjorde at Øyvind vann Værsting Cup framfor Per Arne Blindheim og Gisle Morten Hetland.

Vats Ræserane i depotet med cateringavdelinga i bakgrunnen til høgre.

Rallycross
        I rallycross var det så få deltakerar, 14 totalt, at alle klassane vart slått saman. Det vart enno færre etterat Knut Erik Ludviksen raste motoren i sin Kadett i 1. omgang og Frank Blomdal også måtte gi seg med tekniske problemer. Dermed vart det vanskeleg for Svein Bjarte Holten og Ernst Harald Holten Leifsen å hevda seg heilt i tet. Det var dei 3 bilane i den største klassen som dominerte. Raskast av alle i dei innleiande omgangane var Håvard Gaassand, som vann dei 2 siste omgangane. Jostein Skjerve var raskast i den første, framfor Håvard Gaassand og Svein Bjarte. Ernst Harald hadde ein god start i sitt heat i første omgang, og hadde full kontroll på Volvoen til Jens Olav Bertelsen. I andre omgang gjorde kommunikasjonsproblemer i Holten Motorsport at det var tomt for straum i Focus'en. Dermed stoppa den rett etter start, og Svein Bjarte vart utan plassering. Ernst Harald klarte ikkje å ta starten frå Jens Olav Bertelsen denne gong, og kom heller ikkje forbi. I tredje omgang skulle Svein Bjarte og Ernst Harald kjøra i same heat, saman med Håvard Gaassand. Tidene gjorde at Svein Bjarte fekk 5. spor i A-finalen, bak dei 3 i store super og mekanikaren til Tommy Bakkerud, Tor Erik Hermansen. Ernst Harald fekk andre spor i B-finalen, bak Jens Olav Bertelsen. Det var no heilt tørt, og Ernst Harald klarte ikke å slå Jens Olav, sjølv om det var nære på fleire gonger. Dermed vart det 7. plass på Ernst Harald etter svært god kjøring heile dagen. Kona til Åge Bakkerud, Ann Kristin, debuterte i rallycross i mannen sin Escort. Det enda med B-finale, 9. plass og ein ekstra stor pokal frå arrangøren etter fin kjøring.
         I A-finalen var det Jostein Skjerve som tok starten med sin kraftige Holden Commodore, framfor Håvard Gaassand. Lennart Vetås låg deretter framfor Tor Erik Hermansen, Svein Bjarte og Jens Olav Bertelsen. Nok ein gong var Håvard uheldig og snurra seg vekk frå ei god plassering. Stillinga ellers heldt seg til mål, og Jostein Skjerve kunne stiga til topps på pallen

 

Resultater:

Nr.

Navn

Klubb

Biltype

Bilcross jr.

1

Anders Nytveit

NMK Bergen

Ford Sierra

2

Stian Tysnes

NMK Vikedal

Ford Sierra

3

Geir Harald Skeie

NMK Vikedal

Peugeot 205

20

Marius Vaka Lothe

NMK Vikedal

Peugeot 205

Bilcross

1

Per Ole Kolterud

NMK Fluberg

VW Jalla

2

Fred Ove Vatle

NMK Bergen

VW 1300

3

Gisle Morten Hetland

NAF MS Gjesdal

VW Boble Kylles Racing

4

Øyvind Eikeland

NMK Vikedal

VW Boble

5

Sindre Seterstøl

NMK Bergen

VW Golf

6

Per Arne Blindheim

NMK Bergen

Opel Kadett HRL

7

Bjørn Arve Hjelmås

NMK Bergen

Volvo 360 HRL

8

Tom Jøran Johansen

NMK Vikedal

Fiat Abarth

9

Finn Endre Skår

NMK Bergen

VW 1300

10

Sveinung Grindheim

NAF MS Nordhordaland

Volvo 244

 

 

 

 

24

Jarle L. Lilleskog

NMK Vikedal

Ford Escort MK II

59

Jostein Hannisdal

NMK Vikedal

Volvo 242

60

Glenn Olav Lothe

NMK Vikedal

Peugeot 205

71

Per Gaute Østbø

NMK Vikedal

Skoda 120

 

 

 

 

Rallycross (alle klassar):

1

Jostein Skjerve

NMK Bergen

Holden Commodore

2

Lennart Vetås

NMK Bergen

Volvo PV

3

Tor Erik Hermansen

NMK Bergen

Ford Escort MK IV

4

Svein Bjarte Holten

NMK Vikedal

Ford Focus 16V

5

Jens Olav Bertelsen

NMK Bergen

Volvo 242

6

Håvard Gaassand

NAF MS Bergen

Volvo 240

7

Ernst Harald Holten Leifsen

NMK Vikedal

Ford Escort RS2000

8

Arne Linke

NMK Bergen

Ford Escort MK II

9

Ann Kristin Bakkerud

NMK Bergen

Ford Escort MK IV

10

Tom Cesar

NMK Bergen

Ford Escort MK I