Bilcross- og RC nasj. løp 13. oktober 2002

-- Tilleggsregler  --     -- Plakaten i høg oppløysning --      -- Startliste --              
-- Pressemelding --     -- Overnatting --          -- Resultater: RCN/BC  --

Reglement for NMK Vikedal Cup:        Bilcross jr.        Rallycross Nasjonal

Sluttresultat i NMK Vikedal Cup

Søndag 13. oktober går finalen i NMK Vikedal cup for rallycross nasjonal og bilcross junior.

Tidsplan:
08.30 - 10.30     Innsjekk
08:30 - 11.00     Teknisk kontroll
11.30                Førarmøte
12.15                Trening, Rallycross nasjonal
12.30                1. omgang, BC jr., BC, BC deb., RCN
13.30                2. omgang, BC jr., BC, BC deb., RCN
14.30                3. omgang, BC jr., BC, BC deb., RCN
ca. 15.35           Finalar




Tilleggsreglar:
Her kan du laste ned tilleggsreglane i Acrobat-format (.pdf):

Rallycross nasj.            Bilcross

Pressemeldingar:

NMK Vikedal Cup 

Fleire om beinet 

I fjor var det Rune Lutsi og Ernst Holten Leifsen som kunne kårast til dei første vinnarane av NMK Vikedal Cup. Også i år er Ernst Holten Leifsen med i kampen om cupsigeren, no i  rallycross nasjonal, medan Ragnvald Bjelland har sikra seg ei solid ti poengs leiing i bilcross junior. 

Etter ein lang sesong, med fint vêr på alla arrangementa går det mot avslutning på Vikedal Motorbane for i år. I år som i fjor er det NMK Vikedal Cup i bilcross junior og rallycross nasjonal som avsluttar sesongen, i tillegg til at det er påmeldt over 40 førarar i bilcross senior klassen. Leiaren i arrangementskomiteen, Bjarte Lygre kan sjå tilbake på ein sesong der både publikumstal og deltakartal har auka. 
- Fint, stabilt vêr gir sjølvsagt meir publikum når me arrangerer ute slik som me gjer, men gledeleg er det òg at deltakartalet har auka, noko som mellom anna er eit resultatet av at me stadig får fleire førerar i NMK Vikedal. 
Før finalen i Vestlandsmesterskapet i september hadde Ernst Holten Leifsen som mål i hengje med i teten til slutt, og sjølv om han vart passert av Nils Arve Helland i dèt samandraget, vart det likevel ein tredje plass. Sidan Vestlandsmesterskapsrunden i september også talde som tredje runde i NMK Vikedal Cup var det nettopp Nils Arve Helland som trygga leiinga i cupen, og før finalen har han ei seks poengs leiing til Ernst Holten Leifsen. Seks poeng bak han igjen ligg ringreven Sigmund Lutsi,  og det er nok mellom desse tre at kampen om pokalar og laurbærkrans vil stå i rallycross nasjonal.

Nils Arve Helland hadde som mål å vere med å kjempe i toppen i rallycross nasjonal då han før denne sesongen gjekk til innkjøp av ny bil. I september vart han nummer to i Vestlandsmesterskapet og før søndagens siste runde i NMK Vikedal Cup ligg han i leiinga.

Klar leiing
I bilcross junior har Ragnvald Bjelland sikra seg ei ti poengs leiing før finalen. Sjølv om ikkje Bjelland så langt i år har vunne eit einaste løp i NMK Vikedal Cup, har han køyrt solid og innkassert andreplassar i alle tre rundane. Om bilen fungerer bør han kunne ta cupsigeren i sin siste sesong i bilcross junior. 
Dei som har vunne dei tre kjørte rundane så langt i cupen er Geir Harald Skeie og Rikard Særsten frå NMK Vikedal, medan bergensaren Anders Nytveit viste fin haustform og vann løpet i september. Saman med Ørjan Vikedal er det vel desse førarane som kan blande seg heilt inn i toppen i NMK Vikedal Cup 2002.

I september blei det ein ny andre plass på Ragnvald Bjelland, denne gongen i lånt bil. Med ti poengs leiing ligg han godt an til siger i bilcross junior klassen i NMK Vikedal Cup 2002

Gamle tilstander
Som gjesteklasse under finalen i NMK Vikedal Cup blir det også klasse for bilcross senior. Heile 42 førarar er påmeldt i bilcross, og når godt over halvparten av desse førarane er frå arrangørklubben er det klart at arrangøren er nøgd. 
- Ja, det er heilt klart at interessa for å drive bilsport er aukande og med den påmeldinga me no registrerer i bilcross er me snart tilbake til dei tilstandane me hadde dei første åra me arrangerte løp på Vikedal Motorbane, seier Bjarte Lygre som òg er løpsleiar for løpet i helga.



Stillingen i NMK Vikedal Cup etter tre rundar 

Bilcross junior

1 Ragnvald Bjelland        NMK Vikedal    51 
2 Geir Harald Skeie        NMK Vikedal    41 
3 Rikard Særsten           NMK Vikedal    41 
4 Ørjan Vikedal            NMK Vikedal    39 
5 Anders Nytveit            NMK Bergen     33 
6 Per Inge Sandvik         NMK Vikedal    28 
7 Stian Tysnes            NMK Vikedal    27 
8 Rolf Andrè Eilertsen    NMK Vikedal    26 
9 Marius Vaka Lothe        NMK Vikedal    22 
10 Thomas Ottesen       NMK Vikedal    21 
11 Aleksander S. Eikeland NMK Vikedal    20 
12 Johan Andrè Øverland  NMK Vikedal   16 
13 Terje Arild Bø             KNA Haugaland  13 
14 Roald Johan Saltvedt NMK Vikedal   11 
15 Roy Magnus Ytterøy KNA Haugaland  10 

Rallycross nasjonal 
1 Nils Arve Helland      NMK Vikedal 44 
2 Ernst Holten Leifsen NMK Vikedal 38 
3 Sigmund Lutsi       NAF Gjesdal  33 
4 Øyvind Tveit           NMK Vikedal 31 
5 Øyvind Våge          NMK Vikedal   30 
6 Audun Gaard         NMK Vikedal   26 
7 Håvard Helland        NMK Vikedal  26 
8 Leif Roald Bjelland   NMK Vikedal  20 
9 Ernst Atle Larsen      KAK            20 
10 Ørjan Lutsi            NAF Gjesdal  19 
11 Kenneth Helland    NAF Gjesdal  19 
12 Terje Steinnes       NMK Vikedal  17 
13 Rune Lutsi            NAF Gjesdal  15 
14 Frode Fresvik        NMK Vikedal  13 
15 Frode Johan Saltvedt NMK Vikedal  13 

 


Overnatting:
Her er ein liten oversikt over plassar der du kan få overnattingsplass i rimeleg nærhet til Vikedal Motorbane:
I Vikedal:
Skeie Camping                tlf. 52 760134             Hytter
Grimås Camping              tlf. 52 760184             Hytter
Vikedal Camping             tlf. 52 760138             Hytter
Haugen Herberge             tlf. 52 760192             Hytter, rom
Sommerhaven Motel        tlf. 52 760113             Rom
Vikedal-Sæter                 tlf. 52 760590             Rom

Ølen (25 km):
Ølen Gjestegård              tlf. 53 766100             Rom