Første runde i Værsting cup

10 bilcrossførerar stilte for NMK Vikedal i første runde i Værsting cup. Med imponerande 75 deltakerar vart det ein tøff kamp om å nå finalane.
      1. omgang opna dårleg for våre. Steinar Høyvik kom brukbart ut frå start, men vart påkjørt og måtte bryta. I neste heat stod både Lars Reidar Frøyland, Martin Tveit og Tom Jøran Johnsen på start. Etter 2 rundar måtte Tom Jøran gi seg med motor havari, sannsynlegvis veivakslingen. Lars Reidar vart nr. 2 i heatet bak Roar Stokke, medan Martin vart nr. 3. Johannes H. Leifsen kom ut på 4. plass i neste heat, men vart forbikjørt og måtte ta til takke med 5. plass. Vårt kanskje største håp, Øyvind Eikeland, måtte leggja seg bak Finn Endre Skår i starten. Han kom heller ikkje forbi seinare, og fekk dermed 2. plass. Glenn Olav Lothe var brukbart med i starten og kom ut på 3. plass. Han fall ned på 5. plass, men kjørte seg deretter opp og enda på 4. plass. Arild Riise kjørte greitt inn til heatseier. Det såg det ut til at Per Gaute Østbø og skulle klara i siste heat, men han gleid ut i depotsvingen på det våte føret og vart nr. 2.
      I 2. omgang var Per Gaute først ute i heat med 2 store amerikanerar og ei rask boble. Han var godt med i starten, men når den store V8'eren til presidenten i Hylkje Rasarlag, Michael Seilen, får feste og ligg på innsida, har ikkje ein liten Skoda så mykje å seia. Dermed vart det 3. plass på Per Gaute. I den "moralske" A-finalen som deltakerane påstod det var, vart Øyvind nr. 2, bak Dag Solbakken, som seinare vant løpet. Terje Sundland vart nr. 3, Lars Reidar nr. 4, Steinar nr. 5 og Fred Ove Vatle nr. 6 i dette heatet. Johannes fekk betre sving på Escorten sin i denne omgangen og vart nr. 2 i sitt heat. Det gjekk verre med Martin som i sitt heat vart pressa inn i rekkverket i starten og øydela forstillinga. Glenn Olav Lothe gjorde ein bra omgang og kjørte inn til 2. plass. Arild Riise klarte ikkje å følgja opp seieren frå første omgang og måtte nøya seg med 3. plass.
      Med 5 som hadde full poengpott etter 2 omgangar, såg det vanskeleg ut for våre å nå A-finalen direkte. Nok ein gong møtte Per Gaute Oldsmobilen til presidenten. Han kom nok ein gong raskast ut, men når presidenten fekk feste og kom på innsida med sine nærmare 2 tonn var det berre å leggja seg bak. Dermed vart det 2. plass igjen. 

Per Gaute kjappast ut frå start før Oldsmobilen kjem som ei kanonkule på innsida.

Øyvind slapp dei aller verste boblene denne omgangen, og kunne sikra seg heatseier framfor Johannes. Glenn Olav laga underholdning for publikum med ein flott rulling og fekk seinare premie for dagens episode. Martin Tveit hadde fått fiksa forstillinga si, men når styringa låste seg måtte han sjå på at Lars Reidar kjørte inn til 2. plass. Steinar kunne kjøra inn til 3. plass, medan Arild Riise sløste vekk sjansen til finale med å bli nr. 6.
      Dermed var det berre Øyvind som skulle forsvara vår ære med plass i B-finalen. For å bli med i C-finalen måtte ein ha 21 poeng, og Per Gaute var nærmast med sine 19 poeng. I B-finalen var Øyvind godt med ut frå start, men måtte sleppa Arve Aasheim framfor seg inn i svingen. 


B-finalen ut frå start med Øyvind i raud boble med gul stipe. Bak står A-finalen klar.

Etterpå hang han på som ein klegg, men Arve gjorde ingen feil og avanserte til A-finalen.

Så nærme var Øyvind A-finalen.

A-finalen i bilcross gjekk pent og pynteleg for seg. Det mest dramatiska som skjedde var at presidenten i Hylkje Rasarlag punkterte med sin store Oldsmobile, noko som ikkje gjorde den meir lettkjørt på vått, glatt føre. Dermed fall han ned frå 3. plass til 5. plass i mål.

Dessverre for eigeren var det ein bil som vart selt under anbudsrunden etter løpet, og det var Escorten til Johannes H. Leifsen.

I bilcross junior gjorde Geir Harald Skeie det lite spennande. Han var suveren i alle sine heat, og gav ikkje bergenserane ein sjanse til å komma forbi. I A-finalen kontrollerte han feltet og vann klart.

Geir Harald Skeie har vunne alle 3 løpa han har deltatt i så langt i år.

Resultater:

Bilcross jr. (13 delt.)
1. Geir Harald Skeie, NMK Vikedal, Peugeot 205
2. Anders Nytveit, NMK Bergen, Ford Sierra
3. Morten Lavik, NMK Bergen, VW Golf II

Bilcross (75 delt.)
1. Dag Solbakken, NMK Bergen
2. Steinar Stokke, NMK Bergen
3. Arve Aasheim, NMK Bergen
4. Karstein Johnsen, NMK Bergen
5. Michael Seilen, NMK Bergen, Oldsmobile
6. Kjell Askeland, NMK Bergen
7. Øyvind Eikeland, NMK Vikedal
8. Fred Ove Vatle, NMK Bergen
9. Per Arne Blindheim, NMK Bergen, Opel Ascona
10. Terje Sundland, NMK Bergen, Opel Ascona

19. Per Gaute Østbø, NMK Vikedal, Skoda 120
24. Lars Reidar Frøyland, NMK Vikedal, Ford Escort
26. Arild Riise, NMK Vikedal, VW Golf
27. Johannes Holten Leifsen, NMK Vikedal, Ford Escort
48. Glenn Olav Lothe, NMK Vikedal, Peugeot 205
59. Steinar Høyvik, NMK Vikedal, Ford Escort
67. Martin Tveit, NMK Vikedal, Ford Escort
69. Jostein Hannisdal, NMK Vikedal, Volvo 240
71. Tom Jøran Johnsen, NMK Vikedal, Toyota Corolla

(dei som står utan bilmerke køyrer VW Boble)

I tillegg var det 9 debutanter bilcross junior og 19 debutanter i bilcross senior.


Les reportasje om og resultatene i rallycross her.
Uoffisiell stilling i VM finn du her ...