2. runde i Vestlandsmesterskapet:

Strålande sesongopning i år også

Det vart ein ny, flott sesongopning i Vikedal søndag 21. april. Fyldige startfelt, masse publikum og fint vårvær var med på å gjera det til eit flott arrangement. Ein reknar med at nærmare 2000 var tilstades på og rundt Vikedal Motorbane denne dagen.

Bilcross jr.:
Det var eit fyldig startfelt med 15 deltakerar i bilcross junior med ein god blanding av erfarne og debutantar. Som vanleg var det nokre som sleit med tekniske problemer, men det er slikt som er løyst til neste løp. I dei innleiande omgangane var det ringrevane Geir Harald Skeie, Ragnvald Bjelland og Ørjan Vikedal som gjorde det best. Både Geir Harald og Ragnvald vann alle sine 3 heat, medan Ørjan vann 2 og måtte ta til takke med plassen bak Geir Harald i 3. omgang. I tillegg til dei var det 2 debutantar som kvalifiserte seg til A-finalen, Thomas Ottesen frå Sagvåg etter to 3. plassar og 2. plass, og Johan Andrè Øverland frå Hellandsbygd i Sauda med ein 4. plass og to 2. plassar. Blant dei andre debutantane var både Per Inge Sandvik og Aleksander S. Eikeland med i kampen om plass i A-finalen i 3. omgang, men dei klarte ikkje å komma seg til mål av tekn. årsaker. Det gjorde at Per Inge Sandvik, som var kvalifisert til B-finalen, ikkje kunne stilla til start. Roger Dale og Bendt Inge Nybø sleit med tekniske problemer heile dagen, men det ordnar seg nok til neste løp.
            I B-finalen var det Rolf Andrè Eilertsen som var raskast ut i starten og tok føringa. Rikard Særsten hang på bakskjermen hans heile tida, men kom ikkje forbi. Dermed gjekk Rolf Andrè vidare til A-finalen. På plassane bak Rikard kom Stian Tysnes, Marius Vaka Lothe og Roy Magnus Ytterøy. Det vart tett ut frå start i A-finalen, men det var Geir Harald Skeie og Ragnvald Bjelland som kom først rundt svingen. Lenger bak var Rolf Andrè involvert i i eit samanstøt. I dette samanstøtet var han uheldig og fekk armen mellom rattet og buret samtidig som rattet snurra av seg sjølv. Det enda med 2 brudd i underarmen, brudd ved tommelen og gips frå fingrane heilt opp til skuldra. Han klarte likevel å kjøra i depot sjølv. Geir Harald og Ragnvald låg støtfangar mot støtfangar heile finalen, men Geir Harald gjorde ingen feil og sikra seg dermed seieren. Ragnvald vart nr. 2 og Ørjan Vikedal nr. 3. Debutantane Thomas Ottesen og Johan Andrè Øverland kjørte betre og betre utover dagen og sikra seg henholdsvis 4. og 5. plass, medan uheldige Rolf Andrè vart nr. 6.

Dei tre beste i bilcross jr., frå venstre Ragnvald Bjelland, Geir Harald Skeie og Ørjan Vikedal

Rallycross nasjonal:
Tekniske problemer hjå fleire av deltakerane skapte overraskande finaleoppsett. Allerede på treninga måtte Stig Tore Lian, NAF Gjesdal, trekkja seg etter at svinghjulet losna. Dette fekk han fiksa, men det var og skader ved oljepumpa som dei ikkje fekk tetta. Øystein Verlo, NMK Bergen, sleit med ein plugg som stod skeivt i pluggholet allerede før start. Også Terje Steinnes måtte gi seg tidleg etter problemer med bakakslingen. Betre gjekk det ikkje for Vidar Olsen, der ein veivstake fann ut at den ville ein tur ut til venstre istadanfor berre gå opp og ned. Etter første omgang forsvant også Ørjan Lutsi, som vann i Egersund sist helg og hadde beste tid i første omgang, med tekniske problemer. Ein som ikkje hadde problemer var debutanten Øyvind Tveit i BMW 325i som slo til med dagens beste tid i 2. omgang. Også Ernst Harald Holten Leifsen kjørte sikker og hadde tidelane på si side noko som gav plass i A-finalen. Nils Arve Helland fekk sving på Volvoen og var like bak Øyvind i andre omgang og vann tredje omgang. Øyvind Våge hadde lakka Escorten gul før løpet, og det hjalp på farten. 3.,  4. og 2. tid vitnar om jamn og god kjøring. Rune og Sigmund Lutsi hadde og diverse småproblemer med boblene sine denne helga. Rune braut 1. omgang, medan Sigmund måtte stå over 3. omgang for å spara bilen til A-finalen. Rune måtte gå via B-finalen, men det såg ut til at han hadde fått løyst problemet og vann denne greitt. Audun Gaard og Frode Johan Saltvedt kjempa lenge om 2. plassen i B-finalen, men ein snurring av Frode gjorde at han hamna sist. Håvard Helland kjørte seg opp til ein 7. plass i debutløpet i rallycross, medan Audun vart nr. 8. På dei neste plassane kom Bjørn Olaf Wiik og Kenneth Helland.

           I A-finalen var det Nils Arve Helland som tok starten frå beste startspor framfor Sigmund Lutsi og Øyvind Tveit. Etter ein runde klarte ikkje bobla til Sigmund meir, og han måtte gi seg. Etter eit par rundar løsna girkassen på Volvoen til Nils Arve, og dermed var det slutt for han også. Dermed var det debutanten Øyvind Tveit som kunne sikra seg seieren. Rune Lutsi sleit med eit framhjul som stod låst bak mot torpedoveggen og måtte ta til takke med 4. plass. Dermed vart det heimekjørerane som tok alle plassane på seierspallen. Debutantane Øyvind Tveit og Ernst Harald Holten Leifsen tok dei to første plassane og Øyvind Våge kom på tredjeplass.  

A-finalen i nasjonal på vei ut frå start med Nils Arve Helland fremst. Ernst Harald H. Leifsen heng litt etter i sin grøne Escort, medan Øyvind Våge (gul Escort) og Øyvind Tveit (kvit BMW) er på veg opp i feltet.

Supernasjonal:
Tommy Bakkerud var suveren i den mellomste klassen (under 2000 ccm). Han vann alle tre omgangane langt framfor konkurrentane. Nærmast han var Svein Bjarte Holten i 2 av omgangane, medan eit hjul losna i den siste omgangen. Leif Roald Bjelland opna bra med 3. bestetid i 1. omgang, rota litt i 2. omgang og hamna i sandfella i 3. omgang. I finalen stakk Tommy av frå start og det var Knut Erik Ludviksen som hang best på. Svein Bjarte måtte sleppa dei framfor seg, og klarte ikkje å komma forbi seinare slik at dette vart rekkefølgjen i mål. Roar Ulvatn vart nr. 4, Leif Roald nr 5 og Stian Nilsen nr. 6.

Tommy Bakkerud kjørte rått i sin Escort i alle omgangane.

I den største klassen (over 2000 ccm.) vart det mykje tettare enn venta. Alle trudde at Eivind B. Nevland skulle vinna med sin nye bil (ex. Morten Bermingrud), men både Jostein Skjerve i Holden Commodore og Terje Heggøy i gamlebilen til Nevland ville ha eit ord med i laget. I første omgang gjekk det som venta med Nevland først, 6 tidelar framfor Heggøy og 8 tidelar framfor Skjerve. Litt lenger bak kom Håvard Gaassand og Joar Torsen, som debuterte i gamlebilen til Knut Olav Skaar. Kjetil Møn kjører foreløpig med orginal M3-sekser i sin BMW M3 E30 og hang dermed ikkje med i dei andre sitt tempo. I andre omgang satsa Joar litt for hardt ned bakken mot start og strauk langs rekkverket med feilplassert framhjul som resultat. Det vart tett også i denne omgangen, men raskast var Jostein, framfor Terje og Eivind. I siste omgang vart det stopp på både Jostein og Eivind, og dermed kunne Terje sikra seg beste startspor i finalen. 

Terje Heggøy i fint driv gjennom den nye asfaltsvingen mot mål. Bak han skimtar vi Håvard Gaassand.

Ved sida av seg i finalen hadde han Jostein og Eivind stod i 3. startspor. Det var den råsterke Holden Commodoren til Jostein som tok starten. Terje vart litt for sein og måtte og sleppa Eivind framfor seg. Det vart ein tett kamp mellom Jostein og Eivind, men Jostein hadde kontroll og gjorde ingen feil. Dermed måtte Eivind nøya seg med andreplassen, framfor Håvard Gaassand. Kjetil Møn fekk fjerdeplass etter at Terje Heggøy hadde vore borti han og vart dømd sist i finalen.

Det vart tett over mål mellom Jostein Skjerve i Holden Commodore og Eivind B. Nevland i Volvo 940 (ex. Morten Bermingrud)

Komplette resultatlister finn du her ...

Uoffisiell stilling i Vestlandsmesterskapet finn du her...