Mestermøte 30. juni 2002

-- Tilleggsregler  --      -- Plakaten i høg oppløysning --          -- Reglar for mestermøtet --

-- Deltakerliste --         -- Pressemelding --         -- Overnatting --             -- Resultatlister --

Søndag 30. juni 2002 NMK Vikedal mestermøte i rallycross og bilcross i høve 20 årsjubileet. Dette er eit arrangement som det er meininga skal samla dei beste på Vestlandet i bilcross og dei beste i landet i rallycross for å skapa eit spennande arrangement både for deltakerar og publikum.

Mestermøtet – Vikedal Motorbane 2002

 

NMK Vikedal går i desse dagar ut med invitasjon til Mestermøtet – Vikedal Motorbane – 2002. Løpet blir avvikla i beste sommartid søndag 30. juni.  

Mestermøtet blir avvikla i seks klassar, bilcross junior, bilcross, rallycross nasjonal, supernasjonal inntil 2000 og supernasjonal over 2000. Dette løpet, som me håpar kan bli toppløpet til NMK Vikedal i løpet av sesongen, må førarane kvalifisera seg til. 

Nå første gongen er det NMK Vikedal Cup, Vestlandsmesterskapet og NM-supernasjonal som dannar grunnlag for kvalifisering. Dei som er kvalifisert har no fått innbydelse, og lista over desse finn du her... 

Sjå meir om kvalifiseringsreglane i reglementet som du finn her.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

GAMLE HELTAR rir igjen

Av publikum som var til stades under dei første løpa på Vikedal Motorbane for snart 20 år sidan,  er det nok mange som hugsar namna Oddvar Svantesen, Jone Matre, Harry Aas, Sigvald Velde, Odd Vaka, Ernst Roald Lutsi, Oddvar Kalland og Sigmund Lutsi. Søndag 30. juni køyrer dei igjen. 

Tekst/foto: Sivert Ole Holten 

At spørsmålet om igjen å få sitje bak rattet i ein bilcrossbil har blitt positivt mottatt hos dei gamle heltane då dei vart spurde om dette, er det ingen tvil om. Og den beste kommentaren kom nok frå Oddvar Svantesen som sat i ein gravemaskin ute på Jelsa då han fekk spørsmålet.
- Det ble plutselig moro å jobbe ett øyeblikk, kom det frå han, då det plutseleg gjekk opp for han at han igjen kunne kome til å hamne bak rattet i ein løpsbil. Svantesen, som starta sin karriere i ein Ford Taunus Coupe i 1985, fekk med seg mykje før han slutta av i 1988.
- Ja, dei siste åra vart det kjøring i EM for meg, både med Volvo 240 Turbo og Ford Sierra Cosworth, og eg var nok i perioden rangert blant det ti beste i Europa, seier Svantesen og nemner spesielt seieren i B-finalen på Lydden Hill i England som ei stor oppleving. At Svantesen no har vore innom Suldal Billakkering og kjøpt det dyraste kjøreutstyret han fann, viser at Oddvar alltid meiner alvor når han melder seg på til eit billøp.

Haugesundaren Harry Aas er ein annan gamal kjenning som etterkvart har blitt dratt meir  inn i miljøet igjen.
- Ja, son min begynte å køyre bilcross for eit par år sidan, men heile tida sidan 1982 har eg vore på billøp her inne med jamne mellomrom.
Harry er ein av dei skikkelege veteranane, og alt i 1982 var han med på dugnad på anlegget for å få det klart til det første løpet i august 1983. For Ford-mekanikaren Harry Aas var det Ford Escort som gjaldt då han starta med bilcross. At det no blir sonen sin Volvo som er reiskapen, legg ikkje noko særleg dempar på forventningane.

-
Detta ska bli skikkelig gøy, er ein kommentar som går igjen hos Harry.


Harry Aas (t.v.) og Oddvar Svantesen har funne fram hjelmen og satsar på eit skikkeleg comeback i bilcross under Mestermøtet den 30. juni

Tøff konkurranse
Men Oddvar Svantesen og Harry Aas får konkurranse den 30. juni, og det gjekk fort rykter om at Sigvald Velde var på døra hos Higre-Teamet for å få lånt den beste bilen, etter at han hadde fått spørsmålet om å vere med. Frå Sviland kjem brødrene Sigmund og Ernst Roald Lutsi. Sigmund har vore med heile tida, og køyrer i dag rallycross nasjonal, medan broren Ernst Roald Lutsi, som køyrde dei 20 første løpa som vart arrangert på Vikedal Motorbane, har vore vekke frå sporten nokre år.

Når me i tillegg veit at Jone Matre skal køyre i Golfen til Rikard Særsten og Odd Vaka i bobla til Joar Torsen, og Oddvar Kalland stiller i ein svært startrask BMW, bør dette bli ein publikumsgodbit.

Kanskje stiller også Svein Bjarte Holten i ei Boble, og tar Jan Willy Nordgård turen frå Bergen for å vere med, blir dette både 17. mai og julafta til saman for dei som har fulgt bilcrossen dei siste 20 åra.


Alle desse førarene er kvalifisert til Mestermøtet 2002. F.v. Ørjan Vikedal (bilcross junior), Ernst Harald Holten Leifsen (bilcross junior og rallycross nasjonal) Steinar Høyvik (bilcross) og Audun Gaard (rallycross nasjonal)

Tett i bilcross junior  
Etter at Ernst Harald Holten Leifsen har valt å trekkje seg frå bilcross junior og satse i rallycross nasjonal, der han òg er kvalifisert, er det Marius Vaka Lothe som har fått den siste ledige plassen mellom dei 12 som får løv til å køyre.

At det blir eit skikkeleg oppgjer i bilcross junior er det liten tvil om, for dei beste frå både 2001 og 2002 sesongen vil vere på plass når starten går for Mestermøtet 30. juni.
Med fleire løp og mange treningar går utviklinga fort i bilcross junior, frå dei tar kurset det året dei fyller 16 år, til dei avsluttar karrieren i denne klassen når dei er blitt 18 og har fått førarkort.
I NMK Vikedal Cup, som er grunnlaget for uttakinga til mestermøtet, er det andre års juniorane som ligg best an. Ragnvald Bjelland leiar i samandraget med Geir Harald Skeie på ein andre plass, medan Rikard Særsten har kome seg opp på ein tredje plass etter seieren i løpet på Vikedal Motorbane 9. juni.

Får dei det til som dei vil, vil nok desse tre vere med i kampen om å bli mester i bilcross junior 2002. Likevel vil nok både Rolf Andrè Eilertsen og Ørjan Vikedal, som ligg på dei neste plassane i samandraget, vere med i kampen om ei topplassering, med NMK Bergen føraren Anders Nytveit som ein solid utfordrar.

 

 

 

 

Ragnvald Bjelland, Geir Harald Skeie og Ørjan Vikedal tok dei tre øverste plassane under den første runde i NMK Vikedal Cup i april. No er det Mestermøtet 2002 som står på programmet.

 

 


Reglement for Mestermøtet - Vikedal Motorbane - 2002:

1. Innbydelse
NMK Vikedal arrangerer Mestermøtet - Vikedal Motorbane - 2002 søndag 30. juni. I tillegg til bestemmelsene i NSR og konkurransens tilleggsregler, arrangeres mesterskapet etter nedenstående regler.

2. Deltakere
Mesterskapet er åpent for et begrenset antall førere som innehar gyldig lisens for deltagelse i sin klasse, og biler som følger reglementet for de ulike klassene. En fører regnes som deltaker når papir- og teknisk kontroll er godkjent. 
Følgende førere er kvalifisert for Mestermøtet Vikedal Motorbane 2002.
Bilcross junior.
De seks beste i NMK Vikedal Cup 2001
De seks beste etter to runder i NMK Vikedal Cup 2002.
Det fylles opp til totalt 12 biler fra NMK Vikedal Cup 2002.
Bilcross
De seks beste på Vestlandet i 2001.
De seks beste i todagersløpet 8.-9. juni 2002
Det fylles opp til totalt 12 biler fra todagersløpet 8.-9. juni 2002
Rallycross nasjonal
De fem beste i Vestlandsmesterskapet i 2001
De fem beste i Vestlandsmesterskapet i 2002 etter tre runder
Det fylles opp til 10 biler etter resultatlisten i Vestlandsmesterskapet 2002 etter tre runder.
Supernasjonal inntil 2000 kubikk
De fem beste i NM 2001
De fem beste i Vestlandsmesterskapet 2001
Det fylles opp til 10 biler etter resultatlisten over de 10 beste i NM 2001 og Vestlandsmesterskapet 2002 etter tre runder.
Supernasjonal over 2000 kubikk
De fem beste i NM 2001
De fem beste i Vestlandsmesterskapet 2001
Det fylles opp til 10 biler etter resultatlisten over de 10 beste i NM 2001 og Vestlandsmesterskapet 2002 etter tre runder

3. Påmelding
Påmeldingsfristen er satt til 15. mai for de av førererne som er kvalifisert etter resultater i 2001, og 15. juni for de som er kvalifisert etter resultater i 2002. Etter disse datoene får nye førere tilbud om ledige plasser.

4. Deltakeravgift
Førere som er kvalifisert etter resultater i NM betaler ingen deltakeravgift, og får kr 1.000,- hver i startpenger. Øvrige deltakere betaler følgende deltakeravgifter: Bilcross jr. kr 300,-, bilcross kr 500,-, rallycross nasjonal kr 700,- og supernasjonal kr 1.000,-

5. Avvikling
Det kjøres tre innledende omganger og en finale i hver klasse.

6. Premiering
Det blir foretatt premiering av de tre beste i Mestermøtet Vikedal Motorbane 2002.

7. Sekretariat
Påmelding sendes til NMK Vikedal, Pb. 101, 5586 Vikedal. Sivert Ole Holten, tlf 52760499 / 90547433, sivert.holten@billisten.no, har sekretariatfunksjonen for Mestermøtet.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -


Tilleggsreglar:
Her kan du laste ned tilleggsreglane i Acrobat-format (.pdf):

Rallycross               Bilcross
(høyreklikk og velg "Save As"/"Lagre som" for å lagre)


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -


Pressemeldingar:
Her vil det komme pressemeldingar når løpet nærmar seg.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -


Overnatting:
Her er ein liten oversikt over plassar der du kan få overnattingsplass i rimeleg nærhet til Vikedal Motorbane:
I Vikedal:
Skeie Camping                tlf. 52 760134             Hytter
Grimås Camping              tlf. 52 760184             Hytter
Vikedal Camping             tlf. 52 760138             Hytter
Haugen Herberge             tlf. 52 760192             Hytter, rom
Sommerhaven Motel        tlf. 52 760113             Rom
Vikedal Sæter                 tlf. 52 760590             Rom

Ølen (25 km):
Ølen Gjestegård              tlf. 53 766100             Rom