Bilcrossløp 25. august 2002

-- Tilleggsregler  --     -- Plakaten i høg oppløysning --      -- Startliste --              
-- Pressemelding --     -- Overnatting --          -- Resultater: BC  --

Reglementer :  Værsting Cup i bilcross
Stillinga i Værsting Cup

Søndag 25. august er det klart for 3. runde i Værsting cup i bilcross. Øyvind Eikeland og Dag Solbakken deler leiinga etter 2 rundar med 30 poeng. Deretter er det eit lite hopp ned til Kjell Askeland på 3. plass med 23 poeng. Både Dag Solbakken og Kjell Askeland er påmeldt til Landsfinalen i bilcross som går dagen før på Eidsvoll. Begge vil likevel delta i Vikedal for å forsvara plassen i Værsting Cup. Bilen til Øyvind Eikeland vart selt igjen på mestermøtet i Vikedal, men han har vore på Gol og kjøpt seg ny bil i sommar. Det skal bli spennande å sjå kven som leiar Værsting cup etter 3. runde i Vikedal.

 



Tilleggsreglar:
Her kan du laste ned tilleggsreglane i Acrobat-format (.pdf):

Bilcross


Pressemeldingar:

Bilcross:

Innspurt i Værstingcup
Alle dei beste i Værstingcup blir å finna på startstreken når NMK Vikedal avviklar tredje runde på Vikedal Motorbane på søndag. Vatsbuen Øyvind Eikeland leiar samanlagt etter to runder, men deler førsteplassen med Dag Solbakken NMK Bergen. Begge desse har kvar sin første og kvar sin andre plass så langt, på søndag er det klart for ny dyst. Værstingcup er eit nytt tiltak for bilcrossklassen dette året, og den blir avvikla med to løp på Eikås Motorsenter ved Bergen og to løp på Vikedal Motorbane. Etter at tredje runde er ferdigkjørt på søndag er det berre finalen som står igjen, den går i Bergen 21. september.Øyvind Eikeland prioriterer Værstingcup og ser på dette som eit flott tiltak.

- Det er etterkvart blitt eit godt bilcrossmiljø både i Bergen og i NMK Vikedal, og at me no har fått til eit samarbeid om ein cup er eit kjempetiltak, kommenterer bilcrossentusiasten. Han legg til at sjølv om løpet i Vikedal denne helga kolliderer med landsfinalen i bilcross ved Eidsvoll, stiller dei beste likevel.

- 
Ja, både Dag Solbakken og Kjell Askeland drar austover for å køyre landsfinale på laurdag, men søndag er dei på plass i Vikedal for å vere med i innspurten i Værstingcup. Reglane i bilcross om at du må selje bilen for 7000 kroner har i år skapt problem for Øyvind Eikeland, og to gonger har han vore av garde for å kjøpe bilen tilbake. 
- Ja, men no siste gongen var eg ein tur på Gol og kjøpte meg ei anna boble, så no blir det spennande å sjå korleis det går.

Bilcross i vekst

Bilcrossløpet på søndag er det første reine bilcrossløpet NMK Vikedal har arrangert på seks år, og arkivar og økonomisjef i klubben, Svein Erik Østbø, seier at dette er noko som no kan gjerast etter at interessa for å køyre bilcross er aukande.

- Midt på 1990 talet hadde me problem med å stable på beina 30 bilar om me tok med alt i både bilcross og rallyross. På søndag stiller rundt  40  bilar til start fordelt på bilcross senior og junior. I bilcross junior blir det debut for Kristine Steinnes frå Sandeid. Ho tok lisens i vår og stiller til start i Golfen til Ragnvald Bjelland.

 


Reglement for Værsting Cup:
(eller last det ned i Acrobat format ved å høgreklikke her...)

Værsting Cup 2002

1. Innbydelse

Det arrangeres i 2002 Værsting Cup i bilcross. I tillegg til bestemmelsene i NSR og den enkelte konkurranses tilleggsregler, arrangeres mesterskapet etter nedenstående regler.

 

2. Deltakere

Mesterskapet er åpent for førere som innehar gyldig lisens for bilcross. En fører regnes som deltaker når papir- og teknisk kontroll er godkjent.

 

3. Tellende løp

25. mai               Eikås Motorsenter               NMK Bergen

8.-9. juni            Vikedal Motorbane               NMK Vikedal

25. august          Vikedal Motorbane              NMK Vikedal

21. september   Eikås Motorsenter                NMK Bergen

 

5. Bedømmelse

Mester blir den som oppnår høyest poengsum. Poengene beregnes etter EM-skalaen: 20-17-15-13-12-11-10-9-8-7-6-5-4-3-2-1.

Ved poenglikhet mellom to eller flere førere avgjøres rekkefølgen gjennom størst antall seire, andreplasser osv. Er det fortsatt likhet,  skal resultatet fra siste løpet i mesterskapsserien være avgjørende.

 

7.  Premiering

Det blir foretatt premiering av de tre beste i  mesterskapet, og arrangørene av hver av rundene betaler kr 1000,- til denne premieringen.

 

6.   Sekretariat

Bilgruppa i NMK Vikedal v/ Leif Roald Bjelland påtar seg sekretariatfunksjonen for cupen.

 

Påmeldinger :

Eikås Motorsenter :
NMK Bergen, Postboks 45  5871 Nyborg, eller http://www.nmk.no/bergen

Vikedal  Motorbane :
NMK Vikedal,  Postboks 101,  5586 Vikedal,  eller http://www.nmk-vikedal.net


Overnatting:
Her er ein liten oversikt over plassar der du kan få overnattingsplass i rimeleg nærhet til Vikedal Motorbane:
I Vikedal:
Skeie Camping                tlf. 52 760134             Hytter
Grimås Camping              tlf. 52 760184             Hytter
Vikedal Camping             tlf. 52 760138             Hytter
Haugen Herberge             tlf. 52 760192             Hytter, rom
Sommerhaven Motel        tlf. 52 760113             Rom
Vikedal Sæter                 tlf. 52 760590             Rom

Ølen (25 km):
Ølen Gjestegård              tlf. 53 766100             Rom