Vestlandsmesterskapet vart berre meir og meir spennande
Resultata i Bergen gjer det berre meir spennande samanlagt i Vestlandsmesterskapet. Nokre av favorittane mislykkast, og nokre av sesongdebutantane fekk lønn for strevet. Forholda var ujamne mellom omgangane med delvis vått og delvis tørt føre. Det var likevel forholdsvis jamne forhold innan klassane.

Rallycross nasjonal:
I første heat stod brødrene Helland og Terje Steinnes klar. Nils Arve tok teten og kjørte lenge godt, men kom litt for fort inn i ein sving, smalt i rekkverket og måtte bryta. Håvard sleit med ei boble som ikkje ville gå heilt slik ho skal og fekk ei dårleg tid. Terje var også litt utanfor og snurra mellom anna. Det neste heatet gjekk mykje raskare. Øystein Verlo tok teten, og drog i frå Audun Gaard på 2. plass, Ernst Harald H. Leifsen og Øyvind Våge. Øystein Verlo fekk beste tid i omgangen framfor Audun, Ørjan Lutsi og Ernst Harald.
      Nils Arve fekk fiksa bilen, og vann sitt heat i 2. omgang framfor Frank Blomdal, Øyvind og Ernst Harald. Men Øystein Verlo kjørte enno raskare i sitt heat, og drog med seg Terje til ei god tid etter at Ørjan Lutsi fekk problemer med bobla. Audun låg og an til ei brukbar tid, men snurra og tapte mykje på det. Dermed vann Øystein omgangen framfor Nils Arve og Terje. 
      I 3. omgang var det Terje som var raskast framfor Frank Blomdal og Ørjan Lutsi. Dermed vart det Øystein Verlo, Terje, Frank Blomdal, Ørjan Lutsi, Nils Arve og Ernst Harald i A-finalen. Øystein Verlo hadde problemer med motoren og stilte ikkje til start. Det var det og berre så vidt Ørjan Lutsi gjorde. Faren, Ernst Roald Lutsi, skrudde på motoren nesten heilt til det grøna lyset kom på. 
      Det var Terje som var raskast i starten framfor Nils Arve, Ørjan Lutsi, Frank Blomdal og Ernst Harald. Dette kontrollerte han inn til mål sjølv om det vart endringar bakover. Ørjan fekk litt problemer og Nils Arve vart og forbikjørt av Frank Blomdal. 

Seierspallen i rallycross nasjonal med Terje på topp, Frank Blomdal på 2. og Nils Arve på 3. plass.

Supernasjonal i/2000ccm:
Om det var stinga i venstrehanda etter eit uhell på fredag som distraherte favoritten Tommy Bakkerud skal vera usagt, men det vart ingen god dag for han. Ut frå start i 1. omgang såg det bra ut og han tok teten som venta, men på toppen av bakken missa han og skleid ut. Dermed smatt både Åge Bakkerud, Knut Erik Ludvigsen og Svein Bjarte Holten forbi. I kampen om å ta seg oppover i feltet igjen, smalt han i rekkverket og måtte bryta. Broren Åge kontrollerte feltet inn og fekk bestetid i omgangen. Ole Christian Nøttveit i neste heat klarte ikkje å halda det same tempoet, men kjørte inn til nest beste tid. Svein Bjarte fekk 5. beste tid, medan Leif Roald Bjelland fekk 8. beste tid.
      I 2. omgang fungerte det betre for Svein Bjarte. Han tok starten framfor Åge Bakkerud og Gorm Olsen, og slapp dei aldri forbi. Tida vart ikkje heilt topp, men var god nok til 4. plass i omgangen. Leif Roald syntes han hadde for dårleg feste, men det fungerte litt betre på det tørrare føret i denne omgangen. Dermed fekk han 7. beste tid. Tommy Bakkerud fekk fiksa skadene etter 1. omgang, og kjørte svært bra og vann 2. omgang framfor Knut Erik Ludvigsen og Ole Christian Nøttveit som kjørte i same heatet.
       Det stemte ikkje så godt for Tommy i siste omgang, men det heldt likevel til 3. beste tid. Best i denne omgangen vart Ole Christian Nøttveit framfor Åge Bakkerud. Leif Roald var no litt raskare enn Svein Bjarte og fekk 6 beste tid. Dessverre var dette ikkje nok til at Leif Roald kom med i finalen, men vart nr. 7.
       I det første startforsøket i finalen var Åge Bakkerud raskast frå 2. startspor, men det vart ein kollisjon mellom Ole Christian Nøttveit og Tommy Bakkerud 150 meter etter start. Desse 2 vart ståande på tverrs i banen, og finalen vart stoppa. Skadene var for store til at desse kunne starta, og det vart dermed berre 4 deltakerar i finalen. Åge Bakkerud var nok ein gong raskast ut frå start, med Knut Erik Ludvigsen, Gorm Olsen og Svein Bjarte på dei neste plassane. Denne stillinga held seg heilt til mål.

Supernasjonal o/2000 ccm:
Terje Heggøy var einaste deltakar frå NMK Vikedal i største klassen, etter at Joar prioriterte å kjøra NM.-rundane på Lyngås og i Kristiansand. Etter ein brukbar start snurra han og tapte litt tid på det. Det var Eivind Nevland som var raskast i 1. omgang framfor Lennart Vetås og Geir Nøttveit. På tørrare føre i 2. omgang senka Lennart Vetås tida med nesten 14 sek., og det klarte ikkje Eivind Nevland å svara på. Kjetil Møn fekk 3. beste tida. Jostein Skjerve, som sleit med sin store Holden på det glatte føret, var borti betongveggen i 1. omgang, men fekk ordna det til 2. og fekk 4. beste tid i den. I 3. omgang skulle Eivind Nevland ta bestetida tilbake, men då rauk festet for Watt-staget på bakakslingen slik at bakhjulet tok borti innerskjermen. Han fullførte med rykande dekk til 2. beste tid. Kjetil Møn kjørte det han kunne med den store Holden til Jostein Skjerve i spegelen heile heatet, og klarte å smyga seg framfor Nevland medan Skjerve gjekk inn rett bak. Terje Heggøy fekk det ikkje til på same måte som i Vikedal, og vart nr. 7 totalt. I finalen var det Lennart Vetås som var raskast ut frå start med Eivind Nevland rett bak. Dessverre måtte ha gi seg etter eit par rundar då han som følgje av skadene frå 3. omgang fekk punktering på den eine støtdemparen. Lennart Vetås fekk ingen problemer og vann greitt framfor Morten Hagen, Kjetil Møn, Jostein Skjerve og Geir Nøttveit. Jostein Skjerve laga seg meir arbeid ved å kjøra i rekkverket etter mål.

Resultater:

Rallycross nasjonal (12 delt.)
1. Terje Steinnes, NMK Vikedal
2. Frank Blomdal, NMK Bergen
3. Nils Arve Helland, NMK Vikedal
4. Ernst Harald Holten Leifsen, NMK Vikedal
5. Ørjan Lutsi, NAF Gjesdal
6. Øystein Verlo, NMK Bergen

9. Audun Gaard, NMK Vikedal
11. Øyvind Våge, NMK Vikedal
12. Håvard Helland, NMK Vikedal

Supernasjonal i/2000 ccm (11 delt.)
1. Åge Bakkerud, NMK Bergen
2. Knut Erik Ludvigsen, NMK Bergen
3. Gorm Olsen, NMK Bergen
4. Svein Bjarte Holten, NMK Vikedal
5. Tommy Bakkerud, KNA Bergen
6. Ole Christian Nøttveit, NAF MS Nordhordland
7. Leif Roald Bjelland, NMK Vikedal

Supernasjonal o/2000 ccm (8 delt.)
1. Lennart Vetås, NMK Bergen
2. Morten Hagen, NMK Bergen
3. Kjetil Møn, NAF MS Nordhordland
4. Jostein Skjerve, NMK Bergen
5. Geir Nøttveit, NAF MS Nordhordland
6. Eivind B. Nevland, NMK Egersund
7. Terje Heggøy, NMK Vikedal
8. Håvard Gaassand, NAF Bergen


Uoffisiell stilling i VM finn du her ...