Nytt spennande løp 

God lokal innsats
Forventningane var store til Øyvind Eikeland på søndag etter at han i bilcross har vore suveren så langt i sesongen. Sjølv om det  starta godt ut også på søndag, gjekk det likevel tråare utover dagen. I bilcross junior tok Stian Tysnes sin første siger.
-         Nei, den nye bobla som eg no har fått tak i var ikkje heilt med på notene, og sjølv om det gjekk bra i første omgang gjekk det ikkje så bra når ho vart varm, var Øyvind Eikeland sin kommentar til at det berre blei ein tredje plass denne gongen.
 
- Eg få berre trøste meg med at dei to verste konkurrentane mine i Værstingcup, Kjell Askeland og Dag Solbakken vart heilt sist og ikkje fekk med seg cup-poeng i det heile tatt.
Dermed er det framleis Øyvind Eikeland som leiar Værstingcup, seks poeng føre vinnaren av løpet på søndag,  Per Arne Blindheim. No ser Øyvind Eikeland framover mot finalen som går i Bergen i september.
-         Ja, eg stiller i Bergen og kjem til å kjempe om samanlagtsigeren til siste slutt.
Elles var det mykje NMK Vikedal i A-finalen med Higre Teamet frå Tysvær var godt representert. Arild Riise vart nummer to, Martin Tveit nummer fire og Lars Reidar Frøyland nummer seks.

God innsats av Higre Teamet under bilcrossen i Vikedal. F.v. Lars Reidar Frøyland som vart nummer seks, Martin Tveit vart nummer fire, Steinar Høyvik som tok niande plassen og bestemann Arild Riise som vart nummer to.

Første siger
I bilcross junior var det Stian Tysnes frå Sandeid som for første gong kunne klatre til topps på seierspallen. Han vann alle sine innleiingsheat og hadde dermed sikra seg det beste startsporet i finalen. Han måtte likevel sjå seg slått av  Ørjan Vikedal i starten i finaleheatet.
-         Dekka får ta skulda for at eg ikkje greidde å henge med i starten, men eg tok han jo for det. Etter eit par rundar var nemleg Stian Tysnes forbi og berre auka innover mot mål. Rikard Særsten vart nummer tre.
Stian Tysnes (bak) vann bilcross junior klassen, medan Rikard Særsten (t.v.) vart nummer tre og Ørjan Vikedal nummer to.