Leif Roald Bjelland kjempefornøyd med resultatet
Leif Roald kunne jubla over ei fin plassering og ei problemfri helg. Svein Bjarte Holten og Ernst Harald Holten Leifsen i Holten Motorsport vart nok mest skuffa, medan Joar Torsen og Terje Heggøy var mellomfornøyd. Alt dette i strålande sommarvær på Lyngås. Reportasjen frå første dag står lenger nede. Følg denne linken for å lese den først..
      Leif Roald var først ut av våre deltakerar i 3. omgang. Han var i heat med Stein Svardal også no, og håpa nok på å bli dradd med til ei god tid. Det gjekk fort, men ikkje fort nok. Stein Svardal vann heatet på 1.53.82, noko som heldt til 3. beste tid i omgangen. Leif Roald kom ut på 3. plass, og heldt denne til mål og fekk tida 2.00.28. Også Svein Bjarte fekk god drahjelp i sitt heat. Herbjørn Haug kjørte inn til beste tid i omgangen på 1.52.91. Svein Bjarte kjørte inn til 1.59.46 på andreplass, men sleit med ein oljelekkasje som dusja ned på eine framhjulet. Tida heldt til 11. beste tid i omgangen, medan Leif Roald fekk 12. beste tid. Ernst Harald Holten Leifsen har slite motorproblemer heile helga, og no enda det i havari. Kor alvorleg det er, er foreløpig uklart. Tommy Bakkerud hadde fått ordna tenningsproblema han hadde på laurdag, vann sitt heat og kjørte inn til 4. beste tid.
      I den største klassen vart det eit knallhardt oppgjer mellom Joar Torsen, Jostein Skjerve og Morten Hagen bak Terje Morstad, som tok teten, og Olav Fredriksen. Denne kampen var det Joar som gjekk seirande ut av, men det gjekk utover tidene. For medan Terje Morstad fekk bestetid, fekk berre Joar på 3. plass 30. beste tid.

   
Joar (gul Volvo) på veg forbi Morten Hagen (grøn Volvo). Seinare kom Joar seg og forbi Jostein Skjerve (fremst).

Terje Heggøy hang godt på Camilla Antonsen ut frå start i sitt heat, men fekk god hjelp av ein Camaro til å snurra og vart ståande etter ein runde. Dermed vart Terje uplassert, etter 2 brutte omgangar.

Finalar og resultater:
Leif Roald og Svein Bjarte kvalifiserte seg til fremste rekke i C-finalen, og kom seg greitt til tet ut frå start.


Leif Roald i tet ut frå start i C-finalen framfor Svein Bjarte og Ketil Andresen (blå Escort)

Dessverre måtte Svein Bjarte gi seg etter 2 rundar, fordi motoren ikkje ville meir. Leif Roald hadde ingen problemer med å vinna C-finalen, og var dermed klar for B-finalen. Der stod han ved sida av Knut Erik Ludvigsen, frå NMK Bergen, i bakerste rekke. Leif Roald var rask ut frå start, men kom seg ikkje forbi Ludvigsen i første omgang. Runden etter glei Ludvigsen litt ut, og Leif Roald smatt fint forbi opp på femteplass. Denne stillinga heldt seg til mål, og det vart dermed 10. plass på Leif Roald. Tommy Sølvberg vann B-finalen. A-finalen i denne klassen vart eit bikkjeslagsmål med stadige endringar i teten og snurringar. Til slutt vart det Herbjørn Haug, KNA Solør, som stakk av med seieren, framfor Kurt Inge Espeland, KNA Arendal, og Åge Bakkerud, NMK Bergen. Åge satsa litt hardt i siste sving, sklei i rekkverket og øydela framhjulsopphenget. Farten var likevel god nok til at han akkurat kom seg over mål til tredjeplass og dermed forsvarte familieæra i Tommy sitt fravær.


Åge Bakkerud (t.h.) har dusja vinnaren Herbjørn Haug med champange, medan andremann, Kurt Inge Espeland er klar til å dusja han meir.

      I den største klassen var det ingen vestlendingar (utanom Eivind Nevland) som kom til finalen. Morten Hagen var nærmast med 17. plass, Joar Torsen vart nr. 23, Lennart Vetås 24, Jopstein Skjerve 25, Kjetil Møn 29 og Håvard Gaassand 42. Camilla Antonsen vann B-finalen enkelt, og dermed var det klart for A-finale. Fremst stod Mindor Lien, NAF Kristiansund, og Lars Jonsson, Finnskoga MK. Videre stod Eivind Nevland, NMK Egersund, Nils Tore Berget, NAF Gjøvik,  Terje Morstad, NMK Hadeland, og Camilla Antonsen. Mindor Lien var raskast ut med Lars Jonsson hakk i hel. Eivind Nevland var langt nok framme til å få bølger i plastfronten, men måtte leggja seg inn på 3. plass framfor Camilla Antonsen. Det var ingen som tabba seg ut eller fekk problemer, så stillinga heldt seg til mål. Lars Jonsson kjem dermed til å satsa også på resten av NM, først i Kristiansand den 22. og 23. juni og deretter på Eikås i Bergen i august og Lånke i Stjørdal i september.

Fullstendig resultatliste i dei 2 største klassane.

Sjekk og videoklippa på www.wrc.no. Dagens stunt frå lørdag er Morten Hagen som kjører startsvingen på 2 hjul.


Første dag:

Blanda start på NM-runden på Lyngås for våre medlemmer
Det vart litt blanda start for våre deltakerar på første dag og 2 omgangar av NM-runden. I klassen under 2000 ccm er det Leif Roald Bjelland som har lykkast best. Han kom brukbart ut i starten, sjølv om han ikkje hadde muligheter til å følgja Stein Svardal. Svardal fekk 2. beste tid i omgangen med 1.52.29, medan Leif Roald kjørte inn til 4. plass i heatet og 11. beste tid i omgangen med 1.58.44. Svein Bjarte Holten og Ernst Harald Holten Leifsen kjørte i same heat, men fekk ikkje tider blandt dei beste. På slutten gjekk Escorten til Ernst Harald berre på 3 sylindrar, og det vart 20. og 21. beste tid på Svein Bjarte og Ernst Harald.
      I andre omgang var nok ein gong Leif Roald best av våre. Etter at Tommy Sølvberg og Johny Sandmo hadde eit samanstøt i Schanche-svingen, kom Leif Roald ut på andreplass bak Roy Espeland. Dette heldt seg til mål, og Leif Roald fekk 2.01.90 og 8. beste tid i omgangen.


Leif Roald i fint driv i 2. omgang. Heilt bakerst på veg ned i dumpa skimtar vi Johny Sandmo.

Svein Bjarte og Ernst Harald var nok ein gong i same heat. Det gjekk litt betre i denne omgangen, og Svein Bjarte kom i mål på andre plass på 2.02.36 og Ernst Harald på fjerde. Dette var godt nok til 11. og 18. beste tid i omgangen. Etter 2 omgangar ligg Leif Roald på 8., Svein Bjarte på 15. og Ernst Harald på 19. plass. Tommy Bakkerud kjørte treninga, men fusking og problemer med tenninga gjorde at han ikkje kom til start i dag. Dermed er han ute av kampen om NM-poeng i helga. Det er Tom Daniel Tånevik i Peugeot 306 frå KAK som leiar, framfor Herbjørn Haug i Ford Puma og Espeland i Escort.
      I den største klassen var Joar Torsen rask ut frå start i eit av dei første heata og tok teten framfor Lennart Vetås. Lennart pressa gjennom heile heatet, men Joar slapp han ikkje forbi. Stressinga frå Lennart gjekk ut over tida som vart 1.58.41, noko som berre heldt til 24. plass. Terje Heggøy kjørte inn til andreplass i sitt heat, men gjekk heller ikkje raskt nok og det vart 27. beste tid på Terje. Raskast i omgangen var Mindor Lien med 1.49.28, framfor Eivind B. Nevland med 1.51.74. Jostein Skjerve fekk 5. beste tid, Morten Hagen 9. beste, medan Håvard Gaassand rulla forsiktig rundt og la bilen på sida.
      Joar tok teten i sitt heat også i andre omgang, og fekk denne gongen fred til å sjå framover å sikra ei god tid. Denne gongen vart det 1.54.65, og dermed leiartid før Eivind Nevland kom i neste heat. Han kjørte litt seinare enn i første omgang, 1.51.86, noko som heldt til 5. plass i omgangen. Terje Heggøy brente av ein av pluggane, og måtte bryte omgangen. Det var svensken Lars Jonsson som vann omgangen, ein hundredel framfor Terje Morstad og Nils Tore Berget deretter. Samanlagt leiar Eivind B. Nevland framfor Mindor Lien og Lars Jonsson. Morten Hagen ligg på 12. plass, Joar på 15. og Jostein Skjerve på 16. plass.
     Dermed ligg tre av våre innanfor finaleplass, og det vert spennade å sjå om dei kan halda dette etter 3. omgang i morgon. Vi kan ikkje lova resultata på denne sida før mandag morgon, men sjekk www.voieracing.com i morgon kveld. www.wrc.no har og lova å leggja ut videoklipp frå løpet.

Gå til toppen av sida