NMK Vikedal Cup
Spenning i bilcross junior Det blir stor deltaking også under det andre løpet på Vikedal Motorbane i år, søndag 10. juni. Tett opp under 70 deltakarar er påmeldt, fordelt på 34 i bilcross, 14 i bilcross junior og heile 20 i den stadig veksande klassen rallycross nasjonal. For klassen bilcross junior og rallycross nasjonal, tel løpet som andre runde i NMK Vikedal Cup. For fem år sidan vart det tillate for 16 åringar å delta i bilcross, i og med at Norges Bilsportforbund fekk tillatelse til å opprette ein eigen klasse for dei mellom 16 og 18 år, men det er først i år at deltakinga i denne nye klassen verkeleg har tatt seg opp. For fem år sidan var Johannes H. Leifsen mellom dei første her i landet som starta i bilcross junior, og framføre denne sesongen har han saman med fire andre kompisar frå Vikedal bygd opp fire nye bilcrossbilar for bilcross. Sjølv om Johannes nok har ein finger med i spelet når viktige avgjerder skal takast, legg han likevel vekt på at dei alle er med når bilane skal byggjast om eller reparerast. - Me starta med bygginga etter nyttår, og frå den tid har stort sett all fritid, og det meste av pengane gått til bil, seier han. Det er Rune Nes, Rikard Særsten, Ørjan Vikedal og Johannes H. Leifsen sjølv, som har fått seg nye bilar, medan sistemann i teamet, Ernst Harald H. Leifsen, har bygd vidare på Escorten han deltok med i fjor. Så langt i sesongen er dei nøgde med resultatet, og på to løp har dei hatt fire bilar i finalen, og tre gonger har dei hamna på pallen.
Rune Nes var den som starta best, og viste ei suverén køyring under dei innleiande omgangane i første runde i NMK Vikedal Cup, som gjekk på Vikedal Motorbane i april. - Då eg stod på startstreken for finalekøyringa var det likevel slutt på straumen, og eg måtte berre gi meg, seier Rune, som legg til at denne gongen er målet å gå til topps. Då Rune svikta, stod teamkamerat Ernst Harald klar til å overta, og han nytta høvet til å gå heilt til topps i den første runden i NMK Vikedal Cup. Han leiar no cupen, og med ein ny andre plass i Bergen nyleg, ser dei fram mot eit nytt godt resultat på Vikedal Motorbane 10.juni. - Målsettinga er å få alle fire til finalen, og der kan jo som kjent alt skje. Rallycross nasjonal I rallycross nasjonal er det Sandeidbuen Terje Steinnes som har kome best i gong med sesongen. Etter at han i fleire å har køyrd supernasjonal med Ford Escort og Peugeot 205, kjøpte han seg før sesongen, ein Volvo 360, og valde å gå ned i klassen rallycross nasjonal, ei avgjer han har fått ein god del kjeft for frå andre førarar. - Ja, førerane i supernasjonal likte ikkje dette, men etter at det etterkvart er blitt svært dyrt om du vil hevde deg i supernasjonal, valde eg å ta ei steg ned for å sjå om eg kunne vere med i teten der. I den sterke konkurransen, som det etterkvart har blitt i rallycross nasjonal, har Terje Steinnes hevda seg godt, og status no er at han leiar klassen i Vestlandsmesterskapet, og ligg på tredje plass i NMK Vikedal Cup. - Sjølv om målet mitt er å bli vestlandsmeister i
rallycross nasjonal, kjem eg til å delta på alle dei fire
rundane i NMK Vikedal Cup på Vikedal Motorbane, og eit godt
resultat i denne cupen er også noko eg siktar meg inn på.
Bilcross junior
Rallycross nasjonal
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||