Vestlandsmesterskapet:

Bjelland uheldig, Holten fornøgd

Tekst og foto: Sivert Ole Holten

Det var stilt store forventningar til Leif Roald Bjelland og Svein Bjarte Holten før den første runden i Vestlandsmesterskapet som gjekk på Vikedal Motorbane søndag. Holten kom best frå debuten, og enda på andre plass, medan Leif Roald Bjelland blåste motoren alt i første omgang. Over 2000 publikummarar skapet ei kjempefin ramme rundt eit fint arrangement.

Det var i slutten av første omgang alt gjekk gale for Leif Roald Bjelland. Han hadde vist fine trakter på treninga, og etter ein litt forsiktig start i første omgang, tok han seg opp i tet i sitt heat, ein halv runde før mål. Alle kunne sjå at motoren brått spruta ut blå røyk, og stoppa, og trilla sakte over målstreken. Både Bjelland sjølv og publikum frykta nok det verste.

- Nei, dette gjekk skikkeleg gale, og eg må nok skrape kassa ein gong til, før eg får på plass ein ny motor i denne bilen, var Leif Roald Bjelland sin kommentar etter at han hadde konstatert at det var eit stort hol i motorblokka.

- Å byggja ein ny slik motor kjem på rundt 100.000 kroner, så eg får berre håpe på at mykje av det gamle er brukande.

Ny motor
For Svein Bjarte Holten gjekk det betre. Men ein forsiktig start, med roleg kjøring på treninga og i dei to første omgangane, tyda på at han nok hadde tenkt å testa alle sveiseskøytane før han tok ut alt.
- Eg følte med ein gong at bilen sat som den skulle, og gav betre støtte i svingane enn Escorten. Trass alt er ein standard Focus, som du kjøper i butikken, breiare en ein rallycross-Escort, og i tillegg har me lagt på ein god del centimeter på min Focus.

Svein Bjarte Holten var nøgd med dagen, sjølv om han fekk skikkeleg problem i finalen.

Svein Bjarte med rattet som losna frå senteret.

- Rattet losna, og eg måtte ta det heilt roleg innover mot mål, sjølv om eg såg at Kjell Martin Vanvik heile tida kom nærare, seier Svein Bjarte, som legg til at han gler seg til den nye 16 ventilaren er på plass under panseret.

- Ja, eg har bestilt ein slik 100.000 kroners motor som Bjelland snakkar om, men køyrer med gamlemotoren min til den er klar. Når den nye motoren er på plass håpar eg at Kjell Martin Vanvik kan få skrapt i saman litt pengar for å overta den gamle, som nok er litt kvassare enn den som sit i hans bil i dag. Sjølv om Leif Roald var skikkeleg uheldig i dag, var det fint å ha med både han og Kjell Martin i supernasjonal. Eg har blitt litt åleine frå klubben i denne klassen dei siste åra.

Kjell Martin Vanvik ( t.v.) hadde hatt rallycrosslisensen berre i seks dagar då han på søndag kjørte inn til tredje plassen i supernasjonal, bak Svein Bjarte Holten (t.h).

Og Kjell Martin Vanvik var kjempefornøgd då han på premieutdelinga kunne klatre opp og motta tredjepremien, etter vinnaren Tommy Bakkerud frå Bergen, og altså Svein Bjarte Holten som blei nummer to.

Etter ein ny ver-og publikumsmessig kjempedag på Vikedal Motorbane var Svein Bjarte Holten klar i sin kommentar.

- Nå må det bli slutt på det tullet at det alltid er dårleg vêr når me køyrer løp her i Vikedal.

NMK Vikedal Cup
I tillegg til Vestlandsmesteskapet blei det også arrangert første runde i NMK Vikedal Cup på søndag. Dette er ein serie som går over fire løp, i klassane bilcross junior og rallycross nasjonal. Sjølv om denne cupen også er open for deltakarar frå andre klubbar, var førarane frå NMK Vikedal verkeleg med å sette farge også her. I bilcross jr. kunne Ernst Harald Holten Leifsen innkassere seieren, etter at han hadde kome litt trådt i gong.

Ein fornøgd vinnar i bilcross junior, Ernst Harald Holten Leifsen.

- Eg fekk det ikkje heilt til i første omgang, men i andre og tredje gjekk betre. I finalen fekk eg etterkvart kontrollen, ettersom eg såg at Golfen til Rangvald Bjelland blei lenger og lenger etter.

Rangvald Bjelland, som hadde vore heilt suveren i innleiande omgangar, fekk seg ei overrasking i finalen.

- Eg trudde ikkje at Ernst Harald var den som skulle ta starten, og blei litt forvirra av dette, sa Rangvald Bjelland, som var nøgd med andreplassen.

I rallycross nasjonal, ein klasse som har eksplodert når det gjeld deltakartalet, viste Terje Steinnes fin køyring i nyinnkjøpt Volvo 360. I finalen låg han lenge på andre plass, bak vinnaren Sigmund Lutsi, men enda til slutt på tredje

Sigmund Lutsi i tet framfor Terje Steinnes i finalen i Rallycross Nasjonal.