Flott vær og spennande klubbløp

Det vart ei fin helg på mange måtar rundt klubbløpet. Laurdag var det godt frammøte på dugnaden i strålande seinsommarvær. Mykje godt arbeid vart gjort med maling, rydding og kantslått. På søndagen var det mest like fint vær, slik at medlemsmøte vart halde på grasplenen framfor kioskane. Meir om det i eiga sak.
         Klubbløpet kom litt brått på enkelte, så det var ikkje alle som hadde kjørbare bilar. Det vart likevel tilsaman 28 deltakerar, noko som er svært bra. Etter innspel frå dei aktive opna løpet med ein bakkeløpsomgang, før det vart kjørt 2 vanlege bilcross-omgangar. Rallycrossbilane kjørte trening i den same traseen i 1. omg., men kjørte "bakkeløp" ein og ein i 1,5 runde i rallycrosstraseen i dei 2 andre omgangane. For Bjørn G. Lunde vart og dagen litt annleis enn tenkt. Gode eller dårlege kameratar hadde fått han med som tjuvstartdommar. Dette gjekk han med på men gav beskjed om at han måtte tidleg heim for det var ein spesiell dag. På førarmøte vart det opplyst at han som 40-års presang skulle få eit løp med ein bilcrossbil. Alt var klart, det var berre å få på seg kjøredress og hjelm.
         I bilcross junior dominerte Ernst Harald heile dagen. Ragnvald sleit med ein lånt bil som ikkje ville gå, og "dei blå lyn" frå Røyksund (Roald Johan og Rolf Andre) klarte heller ikkje å halda følgje. På startstreken i finalen hadde Ernst Harald Sierraen til Rolf Andre på sida av seg. Vidare stod Rikard, Stian, Roald Johan og Ørjan. Ut frå start vart det laga plog, og fleire bilar vart ståande. Løpsledelsen bestemte då å flagga av løpet og ta ein omstart. Dessverre vart Rolf Andre sin bil ikkje klar til omstarten. 2. forsøket gjekk noko betre, men også denne gongen vart det litt plog, noko som gjekk ut over hjula til Stian. Det eine punkterte, og det andre stod ikkje heilt beint. Han måtte dermed gi frå seg 2. plassen og kjørte i depotet. Ernst Harald kom ut først, med Roald Johan litt bak. Rett bak han kom Ørjan og Rikard til slutt. Dommaren syntest Roald Johan hadde vore litt for brutal i starten og gav han eit advarselflagg. Dessverre misforstod han dette og stoppa. Dermed var Ørjan oppe på 2. plass og Rikard på 3. Sjølv om bilen til Ørjan byrja å fuska litt klarte han å halda Rikard bak seg.
         Øyvind dominerte nesten like mykje blandt seniorane som Ernst Harald blandt juniorane. Det var berre Johannes som øydela med å vera raskast i bakkeløpet, heile 1,6 sek, framfor Øyvind. I B-finalen skjedde det ikkje så mykje. Tom Jøran kunne ikkje stilla til start, ettersom han kolliderte inn i sida på bilen til broren i ein innleiande omgang. Etter det egna framhjula seg best som snøplog. Teten var det Bjørn Lunde som tok etter 6. beste tid i bakkeløpet og ein heatseier. I andre omgang stoppa bilen. Og Bjørn viste at han kan gamle kunster. Han vant B-finalen framfor Kjetil, Martin, debutanten Einar og Odd Arild (på 3 hjul). I A-finalen var det Øyvind og Johannes som stod best til i finalen. Utanfor dei stod Arild, Lars Reidar, Steinar og Bjørn. Etter ein halv runde leia som venta Øyvind framfor Johannes, Arild, Steinar, Bjørn og Lars Reidar. Øyvind kontrollerte løpet, og sat berre og gliste i bobla. Bak han vart det litt skiftingar slik at Steinar kom opp på 2. plass, Johannes vart nr. 3, Bjørn nr. 4, Lars Reidar nr. 5 og Arild nr. 6.
          I rallycross var naturleg nok Knut Olav i ein klasse for seg med sin Volvo i supernasjonal o/2000 ccm. Dei andre kjører jo rallycross nasjonal. Den som fekk det best til av desse var Kjell Martin, framfor Terje som fekk nestbeste tida i rallycrosstraseen i siste omgang. Terje kjører med lånt girkasse, og slit litt med den. Den passar visst ikkje heilt til bil og motor, noko som går ut over flyten i kjøringa. Ben Inge fekk det heller ikkje til så godt som han viste i Bergen. Øyvind er tilbake etter beinbrudd, men om det var det som gjorde at det vart ei snurring i siste omgang skal vera usagt.
          Dei som er interessert i korleis bilcross-bilane hevda seg i bakkeløpet mot rallycross-bilane kan sjå nederst på sida. Der er ei oversikt over tidene for alle uansett klasse i første bakkeløpsrunden.

Alt i alt var det ein svært triveleg dag med positive tilbakemeldingar. Det var ein del kommentarar om at den nye grusen var glatt, men vi reknar med at årsaka er ein del småstein som har blitt liggande på toppen etter at sanden er vaska litt ned. Dette vil nok bli betre med meir kjøring.

Resultatliste for klubbløp 19. august 2001

1. omg

2. omg

3. omg

Total

Plass

Bilcross junior

Tid

Poeng

Tid

Poeng

Tid

Poeng

sum

1

Ernst Harald Leifsen

Ford Escort MK II

NMK Vikedal

54.65

7

 

10

 

10

27

2

Ørjan Vikedal

Ford Sierra

NMK Vikedal

1.10.19

2

 

3

 

7

12

3

Rikard Særsten

VW Golf GTI

NMK Vikedal

58.78

5

 

5

 

7

17

4

Roald Johan Saltvedt

Ford Sierra

NMK Vikedal

1.15.17

1

 

10

 

5

16

5

Stian Tysnes

Fiat Super Rally

NMK Vikedal

59.25

4

 

7

 

5

16

6

Rolf Andre Eilertsen

Ford Sierra

NMK Vikedal

1.05.53

3

 

7

 

10

20

7

Ragnvald K. Bjelland

VW Golf GTI

NMK Vikedal

58.07

6

 

5

 

0

11

Bilcross senior

1

Øyvind Eikeland

VW Boble

NMK Vikedal

53.60

15

 

10

 

10

35

2

Steinar Høyvik

Ford Escort MK II

NMK Vikedal

55.93

13

 

5

 

7

25

3

Johannes Holten Leifsen

Peugeot 205 GTI

NMK Vikedal

52.00

16

 

7

 

7

30

4

Bjørn G. Lunde

Ford Sierra

NMK Vikedal

56.31

11

 

0

 

10

21

5

Lars Reidar Frøyland

Ford Escort MK II

NMK Vikedal

56.27

12

 

10

 

5

27

6

Arild Riise

VW Golf GTI

NMK Vikedal

54.39

14

 

3

 

10

27

7

Kjetil Johnsen

Volvo 142

NMK Vikedal

57.47

10

 

3

 

7

20

8

Martin Tveit

Ford Escort MK II

NMK Vikedal

57.83

8

 

10

 

5

23

9

Einar Haugen

Volvo 142

NMK Vikedal

1.01.96

4

 

5

 

3

12

10

Odd Arild Løften

Volvo 360

NMK Vikedal

57.89

9

 

 

2

18

11

Tom Jøran Johnsen

Ford Sierra

NMK Vikedal

1.00.22

7

 

5

 

3

15

12

Geir Utaaker

Volvo 360

NMK Vikedal

1.03.24

2

 

7

 

2

11

13

Stig Morten Hardeland

Volvo 142

NMK Vikedal

1.00.71

5

 

0

 

5

10

14

May Kine Vangen

Ford Sierra

NMK Vikedal

1.02.44

3

 

2

 

3

8

15

Jarle Apeland

VW Golf GTI

NMK Vikedal

1.01.69

6

 

0

 

0

6

16

Rune Nes

VW Boble 1302

NMK Vikedal

1.06.67

1

 

3

 

0

4

Rallycross (trening)

1

Knut Olav Skaar

Volvo 240

NMK Vikedal

50.46

1

1.14.48

1

1.13.00

1

2

Kjell Martin Vanvik

Ford Escort MK I

NMK Vikedal

51.86

2

1.18.83

2

1.17.94

3

3

Terje Steinnes

Volvo 360

NMK Vikedal

55.20

3

1.19.17

3

1.16.70

2

4

Ben Inge Hammer

Ford Escort MK II

NMK Vikedal

55.43

4

1.20.75

4

1.19.61

4

5

Øyvind Våge

Ford Escort MK II

NMK Vikedal

58.91

5

1.22.78

5

1.29.04

5


Rekkefølgja i bakkeløpstraseen utan omsyn til klasse :

Knut Olav Skaar

Volvo 240

50.46

Kjell Martin Vanvik

Ford Escort MK I

51.86

Johannes Holten Leifsen

Peugeot 205 GTI

52.00

Øyvind Eikeland

VW Boble

53.60

Arild Riise

VW Golf GTI

54.39

Ernst Harald Leifsen

Ford Escort MK II

54.65

Terje Steinnes

Volvo 360

55.20

Ben Inge Hammer

Ford Escort MK II

55.43

Steinar Høyvik

Ford Escort MK II

55.93

Lars Reidar Frøyland

Ford Escort MK II

56.27

Bjørn G. Lunde

Ford Sierra

56.31

Kjetil Johnsen

Volvo 142

57.47

Martin Tveit

Ford Escort MK II

57.83

Odd Arild Løften

Volvo 360

57.89

Ragnvald K. Bjelland

Volvo 142

58.07

Rikard Særsten

VW Golf GTI

58.78

Øyvind Våge

Ford Escort MK II

58.91

Stian Tysnes

Fiat Super Rally

59.25

Tom Jøran Johnsen

Ford Sierra

1.00.22

Stig Morten Hardeland

Volvo 142

1.00.71

Jarle Apeland

VW Golf GTI

1.01.69

Einar Haugen

Volvo 142

1.01.96

May Kine Vangen

Ford Sierra

1.02.44

Geir Utaaker

Volvo 360

1.03.24

Rolf Andre Eilertsen

Ford Sierra

1.05.53

Rune Nes

VW Boble 1302

1.06.67

Ørjan Vikedal

Ford Sierra

1.10.19

Roald Johan Saltvedt

Ford Sierra

1.15.17