Pressemelding før løpet 22. april:

Topp deltaking i Vikedal

Interessa for bilsport er aukande, og over 50 deltakarar er påmeldt til årets første rally- og bilcrossløp på Vestlandet, som går på Vikedal Motorbane til helga. Dette løpet er også det første løpet i Vestlandsmesteskapet, i tillegg til at det blir kjørt NMK Vikedal Cup i bilcross jr.
     Løpleiar for årets første løp på Vikedal Motorbane, Bjarte Lygre, er glad for at løpsdagen nærmar seg.
- Både banemannskap, billettørar, dommerar, pølseseljerar, kontrollantar, høgtalaranlegg, plakatar, førerar, annonsering, pluss tusen andre ting er klare før løpet. Etter at eg personleg har hatt ein "pause" på 10-12 år frå arrangement på Vikedal Motorbane, ser det ut til at det er mykje det same som går igjen frå tidlegare. 90 prosent av løpet er god planlegging, dei andre 10 prosenta er det veret og førarane som avgjer, seier Bjarte Lygre, som òg nyttar høvet til å takka alle som har vore med på å gjort banen klar, og som kjem til å gjere ein stor innsats på løpsdagen.
     Også blant dei aktive skjer det saker og ting, og Leif Roald Bjelland frå Sandeid er ein av dei som har satsa friskt framfor årets sesong.

Leif Roald Bjelland med bilen, ein Ford Escort Cosworth med 270 hestar under panseret, som han vonar kan vere med å gi han ei plass i rallycrosstoppen.

- Ja, eg har i alle fall kjøpt ein konkurransedyktig bil, så no er det berre opp til meg å vise at eg kan greie å få noko ut av den, seier Leif Roald Bjelland.
Inngangsbilletten er ikkje billeg, om du vil vera med å kjempe i rallycrosstoppen, og for bilen, ein Ford Escort Cosworth 1993 modell, har han betalt rundt 200 000 kroner. For dette får han ein bil med 270 hestar under panseret.
Bjelland, som tidligare berre har køyrt bilcross, fekk høve til å teste den nye bilen i samband med kurset for rallycrosslisensen, og testen svarte til forventningane.
- Ja du kan godt seie at skilnaden i høve til bilcrosskøyring er stor, og eg kjem nok til å bruke ein god del av denne sesongen før eg greier å nytte denne bilen fullt ut.
     Tidlegare Vestlandsmester, Svein Bjarte Holten, har parkert Escorten, og er i sluttfasen med sin nye rallycrossbil, ein Ford Focus. Han reknar Leif Roald Bjelland som ein ny hard konkurrent på rallycrossbanen.

Svein Bjarte Holten sin nye Ford Focus, var langt frå klar i påskehelga, men planen er likevel å stille på startstreken i Vikedal til helga.

- Får eg det til slik eg har tenkt, og framleis kan vere med å hevde meg i toppen, er nok Leif Roald ein av dei eg fryktar. Sjølv om han seier at han skal ta det med ro, veit eg at når han står på startstreken, er gardina nede, kommenterer Svein Bjarte om Leif Roald sine litt forsiktige planar for sesongen.
Stort sett blir det køyring på Vestlandet, i Vestlandsmesterskapet, som står på programmet for dei to komande sesongane.
- Vestlandsmesterskapet er blitt ein knallbra serie, og sidan eg vart slått av Tommy Bakkerud i samandraget i fjor, er det første målet å ta tilbake denne tittelen, seier Svein Bjarte, og får støtte av Leif Roald, som likevel har planar om ein austlandstur.
- Dersom eg kjem greit i gong med sesongen, har eg lyst på ein tur til Lyngås i juni, ein bane som det skulle vore moro å få kjørt på.