Ettersom det ser ut til at den nye grusen har sett seg, vil det etter initiativ frå nokre aktive bli arrangert klubbløp i bilcross (både for junior og senior). Arrangementet er tenkt spesielt for bilcross, sidan dei har eit avgrensa tilbod om løp i år og det er vesentleg billigare å arrangera utan rallycross. Det vil likevel bli eit tilbod til rallycrossførerane ved at det blir arrangert ein eller annan form for bakkeløp, noko tilsvarande det ein kjørte i fjor. Dersom det er meiningar om korleis det skal gjerast kan de komma med dei ved påmeldinga. Det vil bli vanleg trening for crosskart. Når det gjeld bilcross er vi opne for å prøva andre måter å gjennomføra det på. Det kan vera å kjøra på tid med tidspoeng som i rallycross, kjøra ein eller fleire omgangar som bakkeløp osv. Har du ynskjer for korleis du vil at det skal bli arrangert, gi beskjed til Steinar ved påmelding. Alle som deltar skal ta med seg 1 vakt (gjerne fleire) over 16 år (til brann/flagg/kiosk/tidtaking). Dei som ikkje har det må betala 300,- kr. ekstra i påmelding. Vanleg påmelding er kr. 200,- for bilcross senior, og kr. 100,- for alle andre. Arrangementet vil bli organisert som eit vanleg løp, med open kiosk, speaker, teknisk kontroll osv. Tidsplan: Påmelding til Steinar Høyvik på tlf. 900 61073 / 52 777138 eller e-post : higre@online.no |
|
Foreløpig påmeldt pr. 13.08.01: Bilcross junior : Nr. Navn Bil Ernst H.Holten Leifsen Ford Escort MK 2 2 Ørjan Vikedal Ford Sierra 5 Roald Johan Saltvedt Ford Sierra 6 Rolf Andre Eilertsen Ford Sierra 7 Richard Særsten VW Golf GTI 132 Geir Harald Skeie Volvo 142 Bilcross : |