2. runde i Vestlandsmesterskapet:

Terje Steinnes nr. 2 og Ole Vidar Helland nr. 3

Tekst: Svein Erik Østbø
Foto: Sivert Ole Holten

2. runde i Vestlandsmesterskapet gjekk på Eikås Motorsenter laurdag 19. mai. Det var nok ein del som vart litt skeptiske når dei såg ut av vindaugene på stri-regnet om laurdagsmorgonen, men når stemnet starta gav regnet seg og før finalane kom sola fram og. Mellom 110 og 120 deltakerar var klar til dyst, av desse 33 i rallycross. 24 av deltakerane kjørte for NMK Vikedal, noko som er svært bra.

Bilcross junior
I bilcross junior var det 2 heat og når halvparten av dei startande var frå NMK Vikedal vart det ein del i kjemping klubbkameratar imellom. Best etter dei innleiande omgangane var Ernst Harald H. Leifsen best med 30 poeng. I tillegg kom Rikard Særsten, Ragnvald K. Bjelland og Geir Harald Skeie med til finalen. I finalen var det Ernst Harald H. Leifsen som var raskast ut frå start, men i andre sving vart han litt for ivrig, sklei ut og falt ned til 3. plass, bak Richard Særsten. Etter ein tett kamp blandt dei 3 første vart Ernst Harald nr. 2 og Rikard nr. 3. Geir Harald kjørte kontrollert inn til 4. plass, medan Ragnvald til slutt kom seg forbi ei gjenstridig boble og vart nr. 5. Ørjan Vikedal kom ikkje til finalen etter at han vart snurra i 3. omgang. Dermed vart han ståande med 4. og 2. plass i sine heat og vart nr. 8 med det.

Rikard Særsten i tet framfor Ernst Harald Holten Leifsen

Resultater:
1. Kim H. Ingebrigtsen       NMK Bergen     Volvo 360
2. Ernst Harald H. Leifsen  NMK Vikedal     Ford Escort Mk II
3. Rikard Særsten             NMK Vikedal     VW Golf GTI
4. Geir Harald Skeie          NMK Vikedal     Volvo 142
5. Raqnvald K. Bjelland     NMK Vikedal     VW Golf GTI
6. Morten Lavik                 NMK Bergen      VW Boble

8. Ørjan Vikedal                NMK Vikedal     Ford Sierra
Det var totalt 10 deltakerar i bilcross junior.

Bilcross senior
Før finalane var det Steinar Høyvik som låg best til av våre. Han var litt heldige med heata og slapp å møta dei grommaste boblene.Dermed kjørte han inn til 3 heatsigrar. Øyvind Eikeland møtte ei grom boble i 1. omgang og måtte sleppa denne forbi seg etter å ha tatt starten. Han hadde andreplass og 2 førsteplassar, men var uheldig og vart trekt ned i B-finalen. I C-finalen var det Johannes Holten Leifsen i nybygd Peugeot 205 GTI som skulle forsvara NMK Vikedal si ære. Han var litt sein i starten og kom ut på sisteplass, men kjørte seg oppover. Han var ei stund oppe på 3. plass, men snurra og falt ned til 4. plass rett før mål. I B-finalen tok Øyvind Eikeland starten og kontrollerte seieren inn til mål. Dermed var det 2 bilar frå NMK Vikedal i A-finalen. Alle bilane var godt med ut frå start, og dermed vart det for trangt i første sving. 3 bilar vart ståande, deriblant både Steinar og Øyvind. Det gjekk verst utover Øyvind som var ein tur på taket. Steinar kom seg vidare eit stykke bak dei andre, men det viste seg at smellen i første sving hadde gått utover fleire av bilane. Dermed kjørte Steinar seg heilt opp på andreplass bak Steinar Stokke. Det var berre desse to som kom til mål. Når han i tillegg gjekk seirande ut av trekninga om bilen sin med 1 av 4 bud, var nok dette ein av hans heldigare dagar. Om Flax-lodda han skulle kjøpa på heimveg også gav gevinst veit vi ikkje.

Steinar Høyvik på veg inn til 2. plass på Eikås.

Resultater:
1. Steinar Stokke              NMK Bergen      VW Boble
2. Steinar Høyvik               NMK Vikedal     Ford Escort Mk II
3. Michael Seilen              NMK Bergen      AMC Rambler
4. Kjell Askeland               NMK Bergen      VW Boble
5. Arve Aasheim               NMK Bergen       VW Boble
6. Øyvind Eikeland            NMK Vikedal      VW Boble

14. Johannes H. Leifsen     NMK Vikedal     Peugeot 205 GTI
18. Lars Reidar Frøyland    NMK Vikedal     Ford Escort Mk II      (4 - 3 - 3)
36. Rolf Hosås                  NMK Vikedal     Opel Ascona             (5 - 4 - x)
43. Tom Jøran Johnsen      NMK Vikedal     Ford Sierra               (5 - 5 - x)
Det var totalt 45 deltakerar i bilcross.

Rallycross Nasjonal
I rallycross nasjonal vart det kjørt etter bilcrossreglementet med plasspoeng og finalestart på linje. Før finalen var det Terje Steinnes som låg best an med 3 heat-seierar. Ben Inge Hammer kjørte også godt og var i finalen. Der var også Nils Arve Helland med same poengsum som Per Gaute Østbø, men med best resultat i 3. omg. var det han som kom med i finalen. Det var Øystein Varlo som var raskast ut frå start og når han ikkje gjorde nokre feil, var det vanskeleg for Terje å komma seg forbi. Nils Arve Helland kom ut på tredjeplass, men måtte sleppa ein Volvo forbi seg og vart nr. 4. Ben Inge Hammer vart nr. 5.

Terje Steinnes i tet framfor Per Gaute Østbø og Øystein Verlo i 2. omgang.

Resultater:
1. Øystein Verlo                NMK Bergen     Volvo 360
2. Terje Steinnes               NMK Vikedal     Volvo 360
3. Jens Olav Bertelsen       NMK Bergen     Volvo 242
4. Nils Arve Helland           NMK Vikedal     VW Boble FRT
5. Ben Inge Hammer          NMK Vikedal     Ford Escort Mk II
6. Trond Kongshavn           NMK Bergen      Volvo 245

7. Per Gaute Østbø           NMK Vikedal     Skoda 120 GLS
8. Audun Gaard                NMK Vikedal      Opel Ascona B
10. Alf Magne Sørensen    NMK Vikedal      Peugeot 309 GTI
11. Øyvind Våge               NMK Vikedal      Ford Escort Mk II
12. Vidar A. Olsen            NMK Vikedal      Ford Escort Mk II
Det var totalt 12 deltakerar i rallycross nasjonal.

Supernasjonal under 2000 ccm.
Svein Bjarte Holten har ikkje fått den nye motoren enno og stilte til start med den gamle 8-ventilerte. Leif Roald har ikkje gjort noko med sin motor enno, men planen var å stilla til start med ein lånt motor frå Bjørn G. Lunde. Det vart jobba med dette til seint fredagskveld, men dei fekk ikkje motoren til å gå slik han skal. Dermed måtte Leif Roald melda avbud. Kjell Martin Vanvik stilte også til start med sin Escort Mk I, men det skulle visa seg å ikkje vera NMK Vikedal førerane sin dag i denne klassen. Kjell Martin hadde problem med bensintilførselen, og måtte stå over 1. omgang. Under framkjøring til 3. omgang tok det fyr i motoren, men etter litt problemer med brannslokningsapparatet fekk ein slokt brannen til slutt. Kor store skadene er er førebels uvisst. Heller ikkje Svein Bjarte hadde dagen. I 1. omg. kom han ut på tredjeplass og klarte ikkje å avansera. I 2. omg. kom han også ut på 3. plass, men var litt borti ein murkant og vart ståande på indre bane. I 3. omg. gjekk det betre, iallefall tidsmessig. Det heldt likevel berre til 8. plass, og dermed vart det ikkje finale på han. Det kan verka som det gamle motoren slit litt med å dra fram det litt tyngre Focus-karosseriet. Tommy Bakkerud vant dei 2 første omgangane og stod over 3. omg. I finalen måtte han kjempa hardt for å komme først ut frå start, etter ein kjempestart (tjuvstart?) av Kjetil Møn. Derifrå og inn kontrollerte han det greitt. Hans-Ove Solend låg lenge på 4. plass, men eit drivakselbrudd gjorde at han vart ståande.

Resultater:
1. Tommy Bakkerud          KNA Bergen           Ford Escort Cosworth
2. Kjetil Møn                     NAF Nordhordland   BMW M3
3. Gorm Olsen                  NMK Bergen           Ford Escort Mk II
4. Åge Bakkerud               NMK Bergen           Ford Escort Mk II
5. Atle Brudvik                  NMK Bergen           Ford Escort Mk II
6. Hans-Ove Solend          NMK Bergen           Ford Escort Mk II

8. Svein Bjarte Holten       NMK Vikedal           Ford Focus
    Kjell Martin Vanvik       NMK Vikedal           Ford Escort Mk I
Det var totalt 12 deltakerar i supernasjonal under 2000 ccm.

Supernasjonal over 2000 ccm.
Etter dei innleiande omgangane var det Lenart Vetås som stod i bestespor i finalen, framfor Jostein Skjerve. Knut Olav Skaar, Ole Vidar Helland, Håvard Gaassand og Geir Nøttveit følgde deretter. Dei 2 fremste var begge raskt ute frå start, men det var Lenart Vetås som kunne ta teten. Ole Vidar Helland ser ut til å vera meir komfortable med bilen etter at dei bygde om frå delt til stiv bakaksling. Han kom ut framfor Knut Olav Skaar i starten, og sjølv om han vart hardt pressa av Knut Olav gjennom heile finalen, kom han seg først til mål. Terje Heggøy får det ikkje heilt til enno i Volvoen, men kjem nok sterkare tilbake.

Resultater:
1. Lenart Vetås                NMK Bergen          Volvo PV
2. Jostein Skjerve             NMK Bergen          Holden Commodore
3. Ole Vidar Helland         NMK Vikedal          Volvo 440
4. Knut Olav Skaar           NMK Vikedal          Volvo 240
5. Håvard Gaassand         NAF Bergen           Volvo 240
6. Geir Nøttveit                 NAF Nordhordland  Volvo 140
7. Ole Kristian Nøttveit      NAF Nordhordland  Volvo 240
8. Terje Heggøy                NMK Vikedal          Volvo 240
Det var totalt 9 deltakerar i supernasjonal under 2000 ccm.