3. runde i Vestlandsmesterskapet:

Ben Inge nr. 3, Leif Roald nr. 4 og Knut Olav nr. 2

3. runde i Vestlandsmesterskapet gjekk på Eikås Motorsenter laurdag 4. august. Også denne gongen såg Bergensværet trugande ut om morgonen, men så snart treninga starta gav regnet seg og litt ut i 1. omgang var asfalten tørr. Mellom 110 og 120 deltakerar var klar til dyst, av desse 24 i rallycross. 21 av deltakerane kjørte for NMK Vikedal, noko som er litt færre enn i sist løp i Bergen. Det vart også denne gongen fleire uhell i samband med tidleg sporskifte ut frå start. Det kan sjå ut til at startsida i Bergen er for kort og første sving ikkje skarp nok. Med jordvoll i innersvingen i tillegg vert det laga mykje godt arbeid for mekanikerane her. Det skulle og vore arrangert Norgescup-runde i crosskart, men på grunn av liten deltaking gjekk dette ut.

Bilcross junior
I bilcross junior var det denne gongen 3 deltakerar fra NMK Vikedal, Håvard Helland, Ragnvald K. Bjelland og Geir Harald Skeie. Ragnvald har litt problemer med Golfen og stilte med Ølen Betong sin Volvo 142. Det var nok litt uvant å kjøra med bakhjulsdrift, så til slutt vart det 9. plass på Ragnvald etter tre tredjeplassar. Geir Harald sleit med ein motor som ikkje ville gå, og fullførte ingen av heata.
Dermed var det Håvard som måtte forsvara NMK Vikedal si æra, og det gjorde han til gangs. Når bobla gjekk slik ho skal i alle heata var det ingen som kunne slå han. Heller ikkje i finalen var nokon i nærheten og han vann enkelt.

Resultater:
  
1. Håvard Helland              NMK Vikedal     VW Boble F.R.T
 
9. Raqnvald K. Bjelland      NMK Vikedal     Volvo 142
15. Geir Harald Skeie          NMK Vikedal     Volvo 142

Det var totalt 15 deltakerar i bilcross junior.

Bilcross senior
Det var Team Higre som vart kommentert mest under dei innleiande omgangane. I 3. omgang skulle Steinar Høyvik og  Lars Reidar Frøyland frå Team Higre samt Øyvind Eikeland ut i same heat. Det var Øyvind som kom best ut av dette, og han vant heatet framfor Fred Ove Vatle. For Steinar svikta pansersplintene med redusert sikt som resultat. Det gjorde at han styrte fint opp i ein skråning og la bilen på sida. Lars Reidar var meir uheldig. Han gjorde ei skikkeleg kollbøtte og det var svært liten plass til eventuelle baksetepassasjerar og bagasje i Escorten hans etter den. Eit par heat seinare la også Rune Nes bobla si på sida. Det såg dermed ut til at det ikkje var NMK Vikedal sin dag i bilcross. Det var til slutt Øyvind Eikeland (A-finale) og Martin Tveit (C-finale) som skulle forsvara vår ære i finalane. I C-finalen kom Maritn ut på 4. plass etter start, men fall seinare av og vart til slutt nr. 16. I A-finalen var det Øyvind Eikeland og Steinar Stokke som kom best ut fra start og låg side om side oppover startsida. Til slutt måtte Øyvind gi seg og leggja seg bak. Dei følgde einannan som skyggar, men ingen gjorde noko feil og dermed var stillinga den same når dei kom til mål. Heller ikkje blant dei andre vart det særleg endringar.

Resultater:
1. Steinar Stokke              NMK Bergen      VW Boble
2. Øyvind Eikeland            NMK Vikedal      VW Boble
3. Sigbjørn Hannisdal        NMK Bergen       Opel Kadett
4. Fred Ove Vatle              NMK Bergen       VW Boble
5. Kjell Askeland               NMK Bergen       VW Boble
6. Finn Endre Skår            NMK Bergen       VW Boble

16. Martin Tveit                 NMK Vikedal     Ford Escort Mk II      (4 - 2 - 2)

27. Lars Reidar Frøyland    NMK Vikedal     Ford Escort Mk II      (5 - 7 - x)
29. Steinar Høyvik             NMK Vikedal     Ford Escort Mk II      (1 - 5 - x)
33. Egil Veka                    NMK Vikedal     Volvo 244                 (3 - 3 - 5)
38. Johannes H. Leifsen     NMK Vikedal     Peugeot 205 GTI      (5 - 6 - 2)
43. Tom Jøran Johnsen      NMK Vikedal     Ford Sierra               (4 - 4 - 4)
46. Rune Nes                    NMK Vikedal     VW Boble                (6 - 2 - x)
      Rolf Hosås                  NMK Vikedal     Opel Ascona             (5 - x - x)
      Odd Arild Løften           NMK Vikedal     Volvo 360                 (x - x - x)
Det var totalt drøyt 60 deltakerar i bilcross.

Rallycross Nasjonal
I rallycross nasjonal vart det kjørt etter bilcrossreglementet med plasspoeng og finalestart på linje, sjølv om det har komme oppmoding fra førerane om å kjøra etter rallycross-reglementet på tid. Om det var dette som gjorde at resultata for våre ikkje var heilt som forventa i 1. omgang veit vi ikkje. Den einaste som fekk det til var Nils Arve Helland som vann sitt heat. Terje Steinnes og Ben Inge Hammer vart nr. 3 og Audun Gaard og Kjell Martin Vanvik nr. 4. I 2. omgang var Ben Inge, Audun og Nils Arve i første heat og Ben Inge tok starten framfor Nils Arve. Det verka som Nils Arve fekk tekniske problemer, for han måtte sleppe Audun forbi seg og det vart stillinga til mål. I det andre heatet laga dei plog ut frå start. Heilt ytterst kom Trond Kongshavn seg fram og tok teten. Terje Steinnes kom best ut av dei som var med i plogen framfor Jens Olav Bertelsen, Øystein Verlo og Kjell Martin Vanvik. I første heat i 3. omgang var det berre NMK Vikedal førerar. Denne gongen vart det og plog i starten, og det gjekk mest utover Terje. Spindelen på venstre framhjul knakk og dermed var løpet over for hans del. Best ut kom Nils Arve. Han vant heatet framfor Audun, Ben Inge og Kjell Martin. I det andre heatet vant Øystein Verlo framfor Trond Kongshavn, Jens Olav Bertelsen og Joachim Dalland. Dermed vart det finale med Øystein Verlo innerst, Trond Kongshavn, Ben Inge, Audun, Jens Olav Bertelsen og Nils Arve vidare utover. Nils Arve var raskt ute, men så virka det som om han bomgira. Øystein Verlo tok iallefall teten framfor Trond Kongshavn, Ben Inge, Audun, Jens Olav Bertelsen og Nils Arve. Bertelsen pressa på Audun heile tida, og mot slutten vart Audun pressa ut, og både Bertelsen og Nils Arve tok seg forbi. Blant dei andre vart det ingen endringar.

Resultater:
1. Øystein Verlo                NMK Bergen     Volvo 360
2. Trond Kongshavn           NMK Bergen      Volvo 245
3. Ben Inge Hammer          NMK Vikedal     Ford Escort Mk II
4. Jens Olav Bertelsen       NMK Bergen      Volvo 242
5. Nils Arve Helland           NMK Vikedal      VW Boble FRT
6. Audun Gaard                 NMK Vikedal      Opel Ascona B

7. Terje Steinnes               NMK Vikedal     Volvo 360
8. Joachim Dalland            NMK Bergen      Opel Ascona B
9. Kjell Martin Vanvik         NMK Vikedal     Ford Escort Mk I
Det var totalt 9 deltakerar i rallycross nasjonal.

Supernasjonal under 2000 ccm.
Svein Bjarte Holten ventar forsatt på sin nye motor, og valde å stå over løpet i Bergen. Dermed vart Leif Roald Bjelland åleine om å forsvara NMK Vikedal si ære ettersom Kjell Martin Vanvik stilte i nasjonal-klassa. Leif Roald kjører fortsatt med lånt 8-ventilert motor mens den 16-ventilerte i til reparasjon hjå Rune Ørke på Frakkagjerd. Dermed hadde han ingen ambisjonar om å vinna, men å fullføra utan problemer og dermed få verdifull kjøretrening. I 1. omgang imponerte Åge Bakkerud i lillebror Tommys fråvær og tok bestetida framfor Kjetil Møn. Leif Roald var litt sein ut frå start og fekk dårlegast tid. I andre omgang klarte Gorm Olsen å ta starten i heat med Åge Bakkerud. Leif Roald kom ut på 4. plass bak Bernt A. Amundsen. Ingen kom forbi og dermed fekk Gorm Olsen beste tid i omgangen framfor Åge Bakkerud og Kjetil Møn i det andre heatet. Åge Bakkerud var raskast i 3. omgang framfor Kjetil Møn og Atle Brudvik. Her fekk Leif Roald kjøra sitt eige løp etter Åge Bakkerud og Kjetil Møn, og fekk 4. beste tida i omgangen. Dermed vart det siste sporet i finalen for Leif Roald. I beste spor stod Åge Bakkerud, med Gorm Olsen, Kjetil Møn, Atle Brudvik og Jan Tore Ulvatn på dei neste plassane. Det var jamnt ut frå start mellom Åge Bakkerud og Gorm Olsen, men Åge hadde innerspor og vann på det. Kjetil Møn stoppa i første runden og Leif Roald var dermed oppe på 4. plass etter at han var framfor Jan Tore Ulvatn ut frå start. Dette vart også stillinga i mål.

Resultater:
1. Åge Bakkerud              NMK Bergen           Ford Escort Mk II
2. Gorm Olsen                 NMK Bergen           Ford Escort Mk II
3. Atle Brudvik                  NMK Bergen           Ford Escort Mk II
4. Leif Roald Bjelland        NMK Vikedal           Ford Escort Cosworth
5. Jan Tore Ulvatn             NAF Nordhordland   Ford Escort Cosworth
6. Kjetil Møn                     NAF Nordhordland   BMW M3
7. Ronny Wilhelmsen        NMK Bergen           Ford Escort Mk II
8. Bernt A. Amundsen       NAF Bergen            Ford Escort Mk II
Det var totalt 8 deltakerar i supernasjonal under 2000 ccm.

Supernasjonal over 2000 ccm.
Det vart nok eit litt spesielt løp i den store supernasjonal klassa med Ole Vidar, som har vore så aktiv i denne klassa i mange år, på sjukehus. Det var Jostein Skjerve i sin Holden Commodore som klarte å ta starten i sitt første heat framfor Lenart Vetås. Knut Olav Skaar vant det andre heatet og fekk 3. beste tid med det. I 2. omgang skulle desse 3 pluss Håvard Gaassand ut i same heat noko som førte til dramatikk. Knut Olav Skaar vart pressa opp i jordvollen, medan Lenart Vetås kom på tvers framfor Knut Olav og rulla på taket. Både Lenart og Knut Olav fekk ein del skadar på bilane, men begge vart klar til 3. omgang. Det var Jostein Skjerve som vann omgangen framfor Håvard Gaassand og Terje Heggøy. Jostein Skjerve vann også 3. omgang, framfor Knut Olav, som vann sitt heat, og Lenart Vetås. Finaleoppstillinga vart dermed Jostein Skjerve, Knut Olav, Lenart Vetås, Terje Heggøy, Håvard Gaassand og Geir Nøttveit. Lenart Vetås stilte til start med berre 3. gir tilgjengelig. Når Terje Heggøy fekk startvanskar etter at heatet vart ståande lenge på start og venta, oppnådde nok Lenart det han håpa på, å avansera ein plass eller to. Knut Olav hang veldig godt med Jostein Skjerve ut frå start, men måtte gi seg i yttersving. Etter det var det umuleg å komme forbi, og han vart dermed nr. 2.

Resultater:
1. Jostein Skjerve             NMK Bergen          Holden Commodore
2. Knut Olav Skaar           NMK Vikedal          Volvo 240
3. Håvard Gaassand         NAF Bergen           Volvo 240
4. Lenart Vetås                NMK Bergen          Volvo PV
5. Terje Heggøy                NMK Vikedal          Volvo 240
6. Geir Nøttveit                 NAF Nordhordland  Volvo 140
7. Roger Kalstad              NMK Sunnfjord       Volvo 240

Det var totalt 7 deltakerar i supernasjonal under 2000 ccm.