Aukande aktivitet i motocross:

Lisenskurs i motocross

Tekst: Sivert Ole Holten / Svein Erik Østbø
Foto: Sivert Ole Holten

Laurdag 21. april arrangerte MC-gruppa i NMK Vikedal lisens- og aktivitetsleiarkurs i motocross. Leiar i MC-gruppa, Jan Hegerland, sier han er glad for at dei no endeleg er i gong med å blåse liv i motocrossmiljøet i distriktet.
Jan Hegerland, som sjølv hadde kjøpt seg crossykkel og tok lisenskurset, sa at for dei som ville begynne med motocross er aldergrensa 12 år.
- Eigentleg er det lovleg å køyre motocross frå du er fem år, men dette krev likevel eit spesielt opplegg, eit opplegg som me vil satse på i få til seinare. Det som me legg opp til no i første omgang er eit tilbod i 80 kubikk frå dei er 12 år, og 125 kubikk frå fylte 14 år, seier Jan Hegerland, og legg til at han ikkje ser bort frå at det kan bli fleire kurs om det skulle vise seg å vere interesse for det.

Også ei opprusting av motocrosstraseen er noko MC-gruppa kjem til å gå i gong med i nær framtid, og Jan Hegerland og gjengen hans er lova god hjelp.
- Ja, me får besøk av Jan "Jannis" Kristoffersen, ein kapasitet i det norske motocrossmiljøet, som skal sjå på banen, og kva som må til for at den skal bli betre.


Å lære å beherske crossykkelen er ein viktig del av lisenskurset. Resten av kursdeltakarane følgjer interessert med.

Er du interessert i meir informasjon kan du kontakte Jan Hegerland, tlf. 53766059(p)/53766050(a)/90623509.

Dei andre som deltok på aktivitetsleiarkurset var:
Lars Matre, Sandeid
Geir Harald Skeie, Sandeid
Tommy Johansen, Vikedal
Paul Gunnar Strand, Ølensvåg
Jan Otto Mæland, Etne
Arne Leknes, Skånevik