Last updated on 20. oktober 2013
Påmeldinga for jubileumsløpet i bilcross er no opna. Du finn linkar til tilleggsreglar, påmelding og startliste under. Jubileumsløpet i bilcross blir kjørt med heile seks omgongar. I tillegg vil det bli tatt tider på heata og beste tid i kvar omgong får 2 bonuspoeng. Finalene vert etter mønster av EM i rallycross, men med 3 semifinalar og deretter A- og B-finale utan opprykk. Finaleopplegget er beskreve i detalj i tilleggsreglane. Det vil dermed bli masse kjøring for dei aller fleste denne helga.
I tillegg til dei ordinære klassane, er det opna for at 15-åringane kan kjøra bilcross jr. trening, og det blir trening/oppvisning med crosskart. Forhåpentlegvis kjem og sølvmedaljevinnaren i den grommaste crosskart-klassen, Ingve Andrè Strand frå Fitjar.
Tilleggsreglar/påmelding/startlister:
Tilleggsreglar
Påmelding
Føreløpig startliste
Værmeldinga for Vikedal Motorbane finn du her…
Ser ut som du kan la regnkleda liggja, men ta med varme klær.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.