Last updated on 27. september 2023
Lørdag 30. september er det klart for klubbmesterskap for bilcross, crosskart og motocross.
Det blir same opplegg som tidlegare år med start kl. 11:30 10:30. Bil kjører 3 omgongar + finalar, medan motocross kjører ein treningsomgong og to heat. Om deltakinga blir som venta, er siste finale i mål ca. kl. 16:20.
For motocross finn du tilleggsreglar og påmelding ved å følgja denne linken...
I år blir det arrangert med oppvisningsklasser i 50/65, 85 og 125 ccm +. Det blir kåret klubbmester i 85 og 125 ccm +. Alle må ha gyldig medlemskap i NMK Vikedal og nasjonal lisens for å delta (kom og prøv-lisens er dessverre ikkje godt nok). Oppdatert informasjon kan og finnast på Facebook-sida til MX-gruppa.
I bilcross senior er det sett opp vandrepokal som fem førerar har napp i. Det er:
Eirik Sandvik 2 napp (2016 og 2021)
Sølve Østbø 2 napp (2017 og 2022)
Joakim Bruland 1 napp (2018)
Oliver Andrè Matre 1 napp (2019)
Per-Gaute Østbø 1 napp (2020)
Om mønsteret skal følgjast, er det Joakim sin tur til å få sitt andre napp, men det er kanskje tvilsomt om han stiller til start. Kanskje Eirik eller Sølve tar tredje og siste napp i den, eller at det kjem ein ny førar inn på lista.
Hugs at det går å kjøra på eingongslisens i bilcross for dei som ikkje har løyst lisens for heile året, men medlemskap i NMK Vikedal må vera i orden og betalt. Eingongslisens for bilcross (ikkje junior) kan kjøpast på nett (Konkurranse – Bilcross (ikke junior) – Bilsportlisens). Då skriv du «Eingongs» i feltet for lisensnr. i påmeldinga.
Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – crosskart
Påmelding – bil
Førebels startliste – bil
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.