Press "Enter" to skip to content

Todagarcrossen 20. – 21. mai

Last updated on 18. mai 2023

Nå kan du testa Landsfinalebanen! Påmelding er opna.

Det har blitt litt endringar og tilpasningar på løpa i år pga. Landsfinalen, og dermed kjem 2 dagaren litt tidlegare enn vanleg, 20. og 21. mai. Det blir og siste mulighet til å teste banen i løp før Landsfinalen 19. august.

Etter at me endra VIPPS-betalinga til meny, forsvant muligheten til å leggja inn kommentar om betalar. Me finn ut av det aller meste, men er det nokon som betaler for andre, kan de senda ein e-post til pamelding@nmk-vikedal.net for å informera om kven de har betalt for.

Hugs at medlemmer i NMK Vikedal må melda inn vakt til begge dagar saman med påmeldinga, så sjekk med slektningar eller naboen om dei kan vera med. Må du ha to forskjellige vakter sidan det er to dagar, send ein e-post og forklar det til vakt@nmk-vikedal.net.

Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – rallycross
Tilleggsreglar – crosskart (kjem snart)

Påmelding
Uoffisiell startliste


Publikum

Arrangement start
Løpsstart lørdag – 12.00
Løpsstart søndag – 12.30

Prisar arrangement
1 dag – 150kr
2 dager – 200kr
Parkering – 50kr

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.