Fartfylt og spennande «langhelg» både på Vikedal Motorbane og i Kvinlog.
La oss starte å gratulera med 17. mai! 17. mai etterfulgt av kvalifiseringsløp på Kvinlog(NMK Kvinesdal) og den tradisjonelle Todagarcrossen.
Himmelspretten – Kvinlog Motorbane
Kampen om plassane til Landsfinalen er høgt prioritert for NMK Vikedal førerane, og no var det kvalikk runde på Kvinlog Motorbane. 5 stk fra NMK Vikedal tok turen sørover for å prøva lykken, og jaggu klarte Sondre Åsheim å få med seg ein billett heim. Men vegen til finalen var kronglete, han måtte innom både C og B finalen før han kjørte ein imponerande A finale sjølv med 2 finalar unnagjort i forkant. Sondra havna til slutt på ein 4. plass. Team kamerat Thomas Hundseid Eikeland var ikkje lika heldige og kom seg på ein 9. plass etter ein smell og punktering i B-finalen.
Brødrene Johansen var begge uheldige i Kvinlog med både krasj, snurring og styrreledd som rauk. Sånn er gamet fortel dei. Simen med ein 10. plass og Tobias med ein 13. plass reiste dei vidare til neste løp, Todagarcrossen.
Jørgen Amundsen prøvde også lykken, men denne gongen blei det ein 29. plass og ingen Landsfinale billett.
Todagarcrossen – Junior Landsfinale Kvalifisering
I Junior klassen var det kamp om Landsfinale billett, og med kun 1 fra NMK Vikedal blei Vegard Owe vår heime favoritt. Og han skuffa ikkje! Med 3 første plassar og 2 andre plassar var han i første startspor i A-finalen, der havna han til slutt på ein 3. plass.
1. plassen gjekk til Magnus Skoglund(NMK Bergen) og 2. plassen til Silje Tofting(NMK Bergen)
For eit comback i Seniorklassen av Torbjørn Østerbø Veland(NMK Bergen)! Han tok lika greit full pott, rett i A finalen og vant Todagarcrossen etter lang bilcrosspause. På 2. plass kom nok ein fra NMK Bergen Lasse Aaberg som hadde 3. startspor i finalen. Men på 3. plass rett fra Himmelspretten på Kvinlog Motorbane havna Thomas Hundseid Eikeland!
Det må og nevnast at Sondre Åsheim med 3 finalar innabords fra Kvinlog var og med i B- finalen, vant den, videre til A finalen og havna nok ein gong på 4. plass på Todagarcrossen. Eirik Sandvik(NMK Vikedal) hakk i hel med Volvoen. På 6. plass Emilie Haukeland(NMK Bergen) med 2. startspor i finalen, men som møtte autovernet i finalen etter ein liten klinsj og stoppa der.
I Rallycross blei det kjøyrt Klasse A, Klasse C og Klasse D.
I Crosskart finner me to unge spirer som har motorsport i blodet, Endre Stople Enge og Daniel Veland Skeie begge i Crosskart 85cc.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.