Comments closed
NMK Vikedal Posts
De første kvalifiseringsløpet som gjekk i Bergen opna med strålande flott vårvær, men dessverre gjekk finalane i plaskande Bergensvær. Dermed var det kanskje ikkje overraskande at det var heimeføraren, Sigve Hansen, som gjekk til topps framfor klubbkamerat Adrian Vaktskjold og NMK Vikedal-føraren Eirik Sandvik. På dei neste plassane kom Julie Mæland og Sølve Østbø, begge NMK Vikedal. Sidan det berre er 5 bilar i finalane på Eikås, vart og andremann i B-finalen, Kaj-Erik Heimvik, NMK Bergen, kvalifisert som sjettemann.
A-finalistane i Bergen, f.v. Adrian Vaktskjold (nr. 2), Eirik Sandvik (nr. 3), Sølve Østbø (nr. 5), Julie Mæland (nr. 4) og Sigve Olsen (nr. 1), har fått invitasjonane til Landsfinalen i handa og er godt nøgde med det.
Comments closed