Press "Enter" to skip to content

NMK Vikedal Posts

Camping ved Vikedal Motorbane

Oversiktbilde - Vikedal Motorbane
Trykk på bildet for å skalera det opp

Det blir lagt til rette for camping på eit jorde rett ved sida av Vikedal Motorbane som egnar seg for både telt, campingvogner og bubilar (sjå bilde til høgre). Ein kan då bruka fasilitetane på Vikedal Motorbane som vatn, toalett og evt. dusj. For å vera sikra plass, ber vi om påmelding på e-post til camping@landsfinale.no innan lørdag 25. juli. Opplysningar som er gode å ha med i påmeldinga er namn, tlf. nr., type campingutstyr (telt, vogn, campingbil) og gjerne litt om størrelsen. Campingavgifta blir kr. 100,- for heile helga. Det blir ikkje lagt opp straum, men det vil bli mulighet for å lada telefonar, nettbrett o.l. Har de spørsmål, kan de kontakta Joakim Rønnevik, tlf. 482 44 027.

På grunn av sikkerheten må alle vogner/bilar parkerast med draget eller fronten ut mot vegen. Alle må og vera spesielt forsiktig med open eld pga. brannfaren. Det må vera nattero på området mellom kl. 23.00 og 07.00 og evt. aggregat må/vil bli stoppa i denne perioden.

Andre overnattingsalternativ i området (trykk på Les meir):

Comments closed