Vi har sett litt på tidlegare resultat i Landsfinalen som i år blir arrangert for niande gong. Av dei 8 tidlegare finalane har trønderar vunne 2 (Arne Christian Valan i 2008 og Thomas Hårberg i 2011), sørlendingar 2 (Fredrik Ågedal i 2013 og 2014) og østlendingar 4 (Jim Joar Weggersen den første i 2007, Malin Gjerstad i 2009, Simon Wågø Syvertsen i 2010 og Petter Leirhol i 2012). Dermed er det vel på tide at vestlendingane eller nordlendingane går til topps i år? Steffen Hjelmås er beste vestlending med 2. plass i fjor, medan nordlendingen Jonas Dalseth Jacobsen fekk same plassering i 2009.
Etter å ha sett litt på resultata tidlegare i år, er det mange som kan gå til topps i år. Under har vi lista opp resultata i nokre av dei mest prestisjefylte løpa i år. Den som går igjen flest gonger er vel Simen Engsvik frå NMK Aremark, så kanskje han er den største favoritten? Eller er det nokon som har spart grombilen til Landsfinalen?
Vi har lagt ut same spørsmålet på Facebook-sida til Landsfinalen, Landsfinale jr 2015, så gå dit og legg gjerne inn din favoritt.
Comments closed