Press "Enter" to skip to content

NMK Vikedal Posts

Klubbløpet nærmar seg

Klubbløpet søndag 14. oktober nærmar seg, og det blir sannsynlegvis opna for påmelding rett over helga.
I samband med det er det alltid ein del spørsmål kva som skal til for å delta i klubbløp for bilcross. Krava i reglementet frå Bilsportforbundet finn du ved å trykka på les meir.
Her er dei viktigaste punktene for deltakerar:

  • Alle deltakerar skal ha gyldig medlemskap i klubben (betalt medlemskap for 2018)
    Du kan melda deg inn her… (hugs å oppgi NMK Vikedal som klubb).
    Dei som har betalt medlemskap eit av dei siste 3 åra, skal senda e-post til post@nmk.no for å få tilsendt nytt medlemskort med innbetalingsblankett.
  • Dei som ønskjer det, kan løysa eingongslisens og delta fullt ut i konkurransen (kjøra finalar og koma på resultatlista). Eingongslisensen kostar kr. 300,- og kan kjøpast på innsjekk. Klubben må kjøpa desse på førehand, så for at vi skal ha nok må alle som skal ha det oppgi «Eingongs» i feltet for førarlisensnr. ved påmelding. Dei som ikkje har gjort det, stiller i kø om evt. ledige lisensar.
  • NMK Vikedal kjører berre eit klubbløp i år, så dermed er det ikkje anbud på klubbløpet.
Comments closed