Over 30 bilcrossbilar og 2 rallycrossbilar møtte til den første årskontrollen i Sandeid i dag. Det har vel aldri skjedd før at det har vore så mange bilar til kontroll. Det lovar godt for ein sesong med høg aktivitet, spesielt ettersom det var mange juniorar som møtte med bilane sine. Fleire av dei er nye av året og var på teorikurs torsdag kveld, og me håpar banen er klar til praksiskjøring om 14 dagar.
Dei fleste bilane vart godkjent, men nokre må møta til ny kontroll. Bilane skal vera klar til løpsstart når dei stiller til kontroll, og då bør motoren gå, og stol og selar vera på plass.
Køen var til tider lang. Ein Ford Ka var ein av få nybygde bilar.
Comments closed