Daniel Holten kjørte godt og taktisk klokt under EM-runden i Høljes. I Touringcar hadde Ernst Holten Leifsen ei god helg og vart til slutt nr. 7, medan Bjørn Magne M. Enge kjørte Supportrace og bidrog til at Norge vann landskampen.
Comments closedKategori: Bilgruppa
Joakim Rønnevik gjorde det best av våre i den 3. NM-runden på Momarken 22. juni. Han fekk revansje for girkassefestene som fråtok han seieren på heimebane og gjekk heilt til topps i rallycross junior. Åsmund Holten og Kenneth Johansen var heller ikkje langt unna seierspallen i sine klassar.
Comments closed2. runde i Vestlandmesterskapet for bilcross skulle gått på den nye banen til NMK Egersund 23. juni, men pga. streng vinter var arbeidet med den forsinka og banen ikkje klar enno. NMK Egersund fekk låna Kvinlog Motorstadion av NMK Kvinesdal, og flytta løpet dit. NMK Vikedal var godt representert med 6 juniorar og 4 seniorar.
Comments closed