Korleis finn eg fram til Vikedal Motorbane?
Vikedal Motorbane ligg i Vikedal i Vindafjord kommune, midt mellom Haugesund og Sauda.
Enklaste veg for dei som kjem nordfrå Bergen eller sørfrå Stavanger er å følgja E39 til Våg i Tysvær og følgja E134 mot Oslo til Knapphus. Ta til høgre inn på Rv. 46 og følg denne til Vikedal sentrum. Derfrå er det skilta til ”Motorbanen”.
Dei som kjem over Haukeli følgjer E134 mot Haugesund til Ølen, tar av til venstre på Rv. 514 til Sandeid og fortset på Rv. 46 til Vikedal.
Dei som kjem over Hardangervidda følgjer Rv. 13 forbi Odda til Skare og fortset på E134 mot Haugesund til Ølen, tar av til venstre på Rv. 514 til Sandeid og fortset på Rv. 46 til Vikedal.
Nokre avstandar:
Vikedal – Geilo 269 km
Vikedal – Notodden 316 km
Vikedal – Evje 341 km (over Haukeli)
Vikedal – Kristiansand 373 km (via Stavanger)
Vikedal – Vigeland 320 km (via Stavanger)
Vikedal – Vigeland 423 km (via Haukeli)
Vikedal – Bergen 177 km
Vikedal – Drammen 387 km
Vikedal – Gjøvik 456 km (over Hardangervidda)
Vikedal – Gjøvik 519 km (over Haukeli)
Banen
Banelengde: 919 m.
Bredde startplate: 15 m.
Bredde: 10 – 15 m.
Underlag: 60,2 % grus og 39,8 % asfalt
Asfalt på startplate og køyreretning med klokka.