No er våren her og me er klare for ny sesong og VM-opning for bilcross og rallycross torsdag 1. mai. I tillegg til bilcross- og rallycrossklassane er det opna for crosskart. Det er lite tradisjon for feiring av 1. mai i distriktet, så me håpar eit billøp er eit godt alternativ til hagearbeid eller andre aktivitetar.
Etter at me endra VIPPS-betalinga til meny, forsvant muligheten til å leggja inn kommentar om betalar. Me finn ut av det aller meste, men er det nokon som betaler for andre, kan de senda ein e-post til pamelding@nmk-vikedal.net for å informera om kven de har betalt for.
Hugs at medlemmer i NMK Vikedal må melda inn ei vakt saman med påmeldinga, så sjekk med slektningar eller naboen om dei kan vera med. Vakta som blir innmeldt må vera over 18 år. Dei som blir meldt inn som vakt, får SMS i helga før løpet med frammøtetid/-stad og oppgåve. Ver vennlig å oppgi ei vakt som kan stilla, ikkje deg sjølv eller fiktiv person då det berre lagar masse ekstraarbeid for arrangementskomiteen.
Eventuelle spørsmål kan stillast til vakt@nmk-vikedal.net.
Ord. påmeldingsfrist: torsdag 24. april kl. 23:59
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.