Press "Enter" to skip to content

Daniel Holten med andreplass i NM-runden i Vikedal

Daniel Holten viste igjen at han kan kjøra bil ved å ta andreplass i den største klassen i NM-runden i Vikedal i helga, sjølv om det er 5 år sidan sist han kjørte rallycross. Værmessig vart det ei ekstrem blanding med slagvatn på laurdag og sol og fint vær på søndag. Det gjorde at det kom masse publikum på søndagen som var med å skape veldig god stemning.

Daniel Holten – Foto: Arntzen foto

Åsmund Holten var lite nøgd med innsatsen og resultatet i løpet. Han kom aldri inn i ein god flyt i kjøringa, og i andre omgong vart han snurra av ein konkurrent og vart ståande. Dermed vart det berre ein C-finale på Åsmund der han vart nr. 3 og 11. plass totalt. Det gjer at han falt ned til fjerdeplass i NM samandraget, men har berre eitt poeng opp til bronseplass. Siste NM-runde går på Momarken 16. og 17. september.

Simen Johansen til venstre – Foto: Arntzen foto

I same finalen kom Simen Johansen, som fekk 14. plass. Han debuterte i rallycross i helga, og kom godt frå det, spesielt på det utfordrande føret laurdag. Best gjekk det i 3. omgong der han hadde sjette beste tid. Klassen vart vunne av Andreas Bakkerud, NMK Bergen, som gjorde eitt innhopp i denne runden i NM-leiar, Lasse Aaberg, NMK Bergen, sin reservebil. Aaberg tok forøvrig femteplass i løpet og er tilnærma klar som Norgesmester i klassen t.o.m 2000 ccm.

Åsmund Holten i tet – Foto: Arntzen foto

For dei lokale deltakerane i klassen t.o.m 2400 ccm vart det litt stang ut. Ernst. H. Holten Leifsen kom til B-finalen og satsa litt ekstra på å varme dekka godt. Det tålte ikkje drivakslingen i starten men rauk og dermed var finalen over for hans del. Dermed vart det 10. plass på Ernst. Lars Reidar Frøyland kom akkurat ikkje til finale og vart nr. 11.

Ernst Harald H. Leifsen – Foto: Arntzen foto
Lars Reidar Frøyland – Foto Arntzen foto

Daniel Holten var jamn gjennom heile helga og hadde andretida i alle omgongane. I siste omgiong gjorde han ein liten feil i alternativsporet som kanskje kosta han innersporet i A-finalen. Daniel hadde ein god start og vart ein liten meter framfor Emil Sivesind i innersporet, men måtte leggja seg inn bak. Han følgde Sivesind tett gjennom heile finalen, men kom ikkje forbi, og det vart andreplass i finalen og. Det var kjekt å kjøra igjen, men det var mykje arbeid for å få det til og, seier Daniel etter løpet.

F.v Daniel Hoten, Emil Sivesind & Marcus Myrseth

Leiar i klubben, Karina Nonslid, er godt nøgd med helga. Det var masse skrøyt av arrangementet å få av førerane, og masse publikum som kosa seg i finværet på søndagen. Det gav masse sal i kioskane og viktige inntekter til klubben.

Karina Nonslid og Andreas Bakkerud

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.