Ung i NMK Vikedal? – Klubben treng deg!
NMK Vikedal blei starta av lokale ungdomar for 40 år sidan. Kvar bygd fekk sine like unge pionerar. Jon Rønnevik var ein slik. Han har blitt 23 år på dette bildet. Ein bilhengar ligg enno langt utanfor budsjettet, så gjengen «innante» har vore tidleg oppe for å få bobla til Vikedal.
Det er fortsatt stor variasjon i kva ressurser dei unge rår over. Både i form av utstyr og hjelp. Dette er viktige omsyn i høve til organisering og rekruttering. Det er også grunnen til at valgkomiteen er på leit etter unge styremedlemmer. Har du lyst å vera med? Eller har du eit forslag til kandidat? Ta gjerne kontakt.
Leiar i valgkomiteen er Nils Reimers – 90782962.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.