Press "Enter" to skip to content

Sølve Østbø til topps i VM-runden i Bergen

Kjørte inn til seier som einaste vestlending i A-finalen!

Palmelaurdag gjekk andre runde i Vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross på Eikås Motorsenter i Bergen. Men kanskje enno viktigare var at det var første kvalifiseringsrunde til NMKs Landsfinale i bilcross og bilcross junior. Dermed var det fleire sterke førerar som hadde tatt turen over fjellet for å prøva å kvalifisera seg. Det er dei 6 beste i kvar klasse som blir kvalifisert til Landsfinalane som går i august.

I juniorklassen stilte Simen Johansen frå Ølen og Julian Helland frå Fitjar for NMK Vikedal. Julian Helland sleit med tekniske problemer, og fekk berre fullført ein omgong og vart nr. 17. Simen Johansen kjørte inn til andreplass i dei to første omgongane, men i den tredje vart det berre ein fjerdeplass. Heldigvis var det akkurat nok til plass i B-finalen. Der kjørte han godt, og sikra seg den viktige andreplassen som er sjetteplass totalt. Dermed var plassen i Landsfinalen for junior i Aremark i august sikra. Det var Stian Bårdseth, NMK Elverum, som vann, framfor Tobias Spangen, NMK Hamar, og Aleksander Øyen, NMK Fluberg. Samanlagt i VM er det Erling B. Tjelta som leiar med 25 poeng, men Simen Johansen er ikkje langt bak med sine 21 poeng på fjerdeplass.

Golfen til Sølve Østbø i godt driv gjennom alternativsporet med trygg leiing til nestemann.

I seniorklassen var det 7 deltakerar frå NMK Vikedal, men det var berre Sigbjørn og Sølve Østbø som kom seg til finalane. Sølve gjekk rett til A-finalen etter tre klare heat-seierar, medan Sigbjørn kom i B-finalen etter to heat-seierar og ein andreplass. I B-finalen kom Sigbjørn ut midt i feltet, men var uheldig og måtte bråbremsa i kamp med ein annan førar om å kjøra inn i alternativsporet. Dermed enda han bakerst i feltet, og klarte ikkje å kjøra inn dei andre. Dermed rauk håpet om landsfinaleplass for han. Sølve Østbø hadde alt klart dette som direktekvalifisert i A-finalen, og målet for dagen var dermed alt i boks. Men ein kjører alltid for å vinna. I A-finalen var det Henning Bergan Karlsrud i VW Boble som tok starten, men bobla hadde gjort sitt for dagen, og etter ein halv runde var Sølve i leiing. Som einaste vestlending i A-finalen tok han godt vare på den, og kjørte inn til ein klar seier framfor Stian Hoel, NMK Krabyskogen, og Patrick Gystad, NMK Gardermoen. Samanlagt i VM ligg Sølve Østbø på andreplass med sine 20 poeng ettersom han stod over første runden i Vikedal. Marius Havre, NMK Bergen, leiar med 31 poeng.

Simen Johansen (t.v.) og Sølve Østbø var svært godt fornøgde med plass i Landsfinalane

Det var dessverre ingen deltakerar i rallycrossklassane frå NMK Vikedal.

Fullstendige resultatlister finnes på www.nmkbergen.no

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.