Last updated on 15. oktober 2021
Klubbmesterskapet for bilcross, crosskart og motocross går i år lørdag 16. oktober. Etter heving av korona-restriksjonane, vil det vera ope for alle som vil vera publikum.
Påmeldinga vil bli opna i starten av neste veke, så det er berre å gjera klar utstyret og sjekke medlemskap og lisensar. Hugs at det går å kjøra på eingongslisens for dei som ikkje har løyst lisens for heile året. Eingongslisens for bilcross (ikkje junior) kan kjøpast på innsjekk eller på nett (Konkurranse – Bilcross (ikke junior) – Bilsportlisens). Vognlisensen bør løysast så snart som mulig for å rekka fram i tide (blir sendt i posten). Nå er det halv pris ift. heilårslisensen.
Etter ein liten runde blant medlemmene blir det i år arrangert løp for bilcross, crosskart og motocross (50/65 og 85 opptil 13 år). I bilcross blir det opna for dameklasse, men om det er for få vil dei beste damene uansett bli premiert. I tillegg blir drifting invitert til å kjøra oppvisning/trening.
Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – crosskart
Informasjon – drifting
Påmelding – bil
Førebels påmelde – bil
Motocross finn meir informasjon på facebook-sidene til MX-gruppa her…
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.