Press "Enter" to skip to content

Velkommen til 22 nye medlemmer

Last updated on 15. desember 2020

Basile Lacave (30) frå Frankrike og Etne er ny i NMK Vikedal frå 2020. Han er dykkar og kjøpte «Kom og Prøv» lisens i haust. «Ein morosam måte å halde seg i form på» seier han.

 

 

Sjølv om det er dei yngste som dominerer veksten til motocrossgruppa til NMK Vikedal så prøver vi også å få med vaksne utøvarar, slik som Basile. Med 24 innmelde i 2019 og nesten like mange nye i 2020 så hadde MX gruppa ei fin auke til 73 betalande medlemmer før snøen la seg i 2020.

Fordeling av betalande medlemmer på aktivitet i 2020

Gruppa har som mål å halde oppe medlemsveksten i 2021. Eit virkemiddel er å etterkome eit ståande ynskje om å utvide MX skulen til aldersgruppa frå 14 til 16 år. Dette krev betre avkortingsalternativ på hovudbanen og meir innhaldsrik skulebane. I tillegg til 125 kubikk øvings-syklar.

Økonomi

Med største delen av veksten i dei yngste klassane så er utviklinga på inntektsida moderat. Medlemskap og baneleige betalar omtrent vedlikehald. Utvikling av ungdomstilbodet er difor avhengig av gåver og nye kjelder til inntekt.

Nytt i 2021

Frå 2021 vil alle funksjonane i administrasjonsopplegget for både utøvarar og arrangørar bli flytta inn under Min Idrett portalen. Vi håpar dette skal forenkle prosessane rundt lisens. Både ordinær lisens og prøve/dags opplegg.

Kom med innspel

November er tida for planar og prioritering. Møte er vanskeleg å få til akkurat no, men gruppestyret tar gjerne innspel på anna måte. Anten i kommentarfeltet på FB sida, på PM eller på e-mail.

 

 

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.