Press "Enter" to skip to content

Klubbløp 2020

Last updated on 19. november 2020

Klassen for deltakarar under 12 år har ikkje plassering. Her er dei som var med på premieutdeling (frå venstre): Sverre Steinar Bjerga, Hanna Hauso Flesjå, Jone Halleraker, Sanna Halleraker, Ådne Leknes-Tysse, Alf Tore Rørheim, Fredrik Apeland Haugen, Martin Nes og Magnus Leknes-Tysse. Foto: Privat

 

God rekruttering hos NMK Vikedal

Det gror godt i motorklubben i Vikedal. Desse er for unge til å stå på resultatlista, men premie blei det likevel.

Det tradisjonelle klubbløpet til NMK Vikedal blei halde på Vikedal Motorbane laurdag 17. oktober. Dette løpet famnar alle greiner av motorsport innan klubben og er populær både som møteplass og som sesongavslutning.

Heile regionen

Deltakarlista viste at klubben framleis famnar om Sunnhordland, Hardanger og Ryfylke, i tillegg til kjerneområdet på indre Haugalandet, og at det gror godt i det lokale motormiljøet.

I år blei løpet køyrt utan publikum og med omfattande reglar for smittevern på grunn av koronapandmien. I klassa cross-kart, som er go-cart for grus, køyrte Endre Stople Enge (6) ei populær oppvisning. På to hjul, altså motocross, var det det heile ti deltakarar i same aldersgruppa. Dermed var denne klassa frå 5 til 10 år den nest største klassa i løpet.

Godt grunnlag

— Saman med sju deltakarar i juniorklassa til bilcross var 22 av 45 deltakarar under 16 år. Aldersfordelinga og breidda i aktivitetane vitnar om at klubben står seg godt gjennom pandemien og har eit godt grunnlag for neste sesong, opplyser Nils Reimers, ei av mange eldsjeler i NMK Vikedal.

Resultat

Motocross 85 cc

Adrian Vik

Mikal Hauso Flesjå

Kristian Halleraker

Motocross 125cc og over

Theodor Reimers

Åsmund Holten

Geir Utåker

Bilcross Junior:

Daniel Finnvik

Mathias Haugland Rønnevik

Simen Johansen  

Bilcross Senior:

Per Gaute Østbø

Thomas Hundseid Eikeland

Frank Robert Risdal 

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.