Press "Enter" to skip to content

Bjørn Cato Aarekol til topps på første NM-runden for crosskart

Bjørn Cato Aarekol fekk alt til å stemma i A-finalen i 125 ccm-klassen på Grenland Motorsenter i dag. Frå fjerde startspor (innerst i andre rekkje) tok han starten og leia frå start til mål. Det var litt spenning når han kom ut frå alternativsporet i siste runden, men har drog det i land og har nå fått ein kanonstart på NM-sesongen. Vel fortjent etter fleire års storsatning.
Du kan sjå finalen på Facebook-sidene til Injection.no. A-finalen til Bjørn Cato startar ca. 50 min. ut i sendinga.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.