Last updated on 2. oktober 2015
Etter at ein gjeng melde seg til å vera med i løpskomiteen, blir det klubbløp i bilcross søndag 11. oktober. Dersom det blir nok deltakerar, blir det klassar for junior, damer og senior. Dette klubbløpet går utan anbud.
Alle deltakerane må melda inn vakt som vanleg til vakt@nmk-vikedal.net. Dette skal skje så snart som mulig, og det blir etteranmeldingsgebyr for dei som melder vakten inn etter at påmeldingsfristen går ut 4. oktober.
På klubbløp i bilcross kan seniorar delta som ordinær deltakar med eingongslisens. Det er altså eit fint høve til å låna ein bil for å prøva kor lett det eigentleg er, evt. ei påskjønning til ein kamerat eller hjelpar resten av året. Eingongslisensen kan kjøpast på innsjekk, men det må spesifiserast ved påmelding slik at me har tilstrekkeleg antall lisensar tilgjengeleg. Føraren må og vera medlem i norsk folketrygd for å løysa eingongslisens.
I bilcross junior kan ein dessverre ikkje delta med eingongslisens.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.