Siste trening på Vikedal Motorbane før landsfinalen gjekk i går kveld. Her er bilder av 3 av landsfinaledeltakerane som var å testa bilane sine og banen.
Eirik Sandvik, NMK Vikedal, testa sin nybygde Volvo 245. Eirik var ein av dei første kvalifiserte med 3. plass i Bergen 11. april. Testen avdekka som venta nokre små utfordringar som vil bli ordna til Landsfinalen.
Espen Olsen satsar på Toyota Starlet til Landsfinalen. Den har han allereie testa fleire gonger på trening, og ser ut til å fungera bra. Espen kvalifiserte seg med 4. plass på løpet på Kongsberg 23. – 24. mai. Han vart forøvrig nr. 16 på Goldagsløpet sist helg i ein Volvo 240. Ein rundvelt i siste omgong øydela for ei enno betre plassering.
Kaj-Erik Heimvik, NMK Bergen, hadde tatt turen ned frå Bergen for å testa sin nybygde Opel Vectra B. Det viste seg nyttig, ettersom den øydela drivakslingane. Dermed var det heim å finne ut årsaka og fiksa det. Kaj-Erik kvalifiserte seg og på det første kvalifiseringsløpet i Bergen med ein 6. plass.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.