Press "Enter" to skip to content

Funksjonærar til Landsfinalen den 1. august

NMK Vikedal skal som kjent arrangera Landsfinalen for bilcross junior lørdag 1. august. For å få dette til må så mange som mulig av medlemmene bidra for at den skal bli best mulig. Mange funksjonærar er alt klare, men me treng fleire for å dekkja behovet og få til bytte for dei som har lengst vakter. Denne forespørselen er i dag sendt på e-post til alle medlemmer, men er det andre motorsportsinteresserte som vil bidra, er det berre å melda seg. Trykk på «Les meir» for å få meir informasjon om behovet og korleis du melder deg.

Det er behov for personell til følgjande oppgåver:
– postsjefar/brannvakt/flaggvakt
– kioskvakter
– billettørar
– parkeringsvakter
– personell til rigging før løpet
– personell til nedrigging etter løpet
– nattevakter (brann/sikkerhet)
– inntauing (m/bil)
– ATV m/førar til parkering av hengerar torsdag kveld/heile fredag

Nokre av oppgåvene gjer at du får med deg det som skjer på banen, men mange vil ikkje få følgja skikkeleg med på løpet. Funksjonærane er på løpet for å gjera ein jobb, ikkje vera tilskuar.

Uoffisiell tidsplan for helga:
Fredag 31. juli:
Kl. 12.00 – 21.00 Innsjekk/teknisk kontroll
Kl. 18.00 – 20.00 Trening

Lørdag 1. august:
Kl. 08.00 Førarmøte
Kl. 09.00 1. og 2. omgong
ca. kl. 12.00 Førarpresentasjon
ca. kl. 13.00 3. omgong
ca. kl. 15.00 Start, finalar
ca. kl. 16.10 Finalar ferdig
ca. kl. 17.00 – 18.00 Anbudsopplesing

kl. 20.00 Bankett på Vikedal Idrettshall/Bygdahus

For at sportskomiteen skal sleppa å ringja rundt til alle medlemmene, håpar vi at du kan svara på denne e-posten (eller senda ein ny til vakt@nmk-vikedal.net) med om du kan vera med å hjelpa til, kva dag(-ar) og evt. ønskje om oppgåve.
Me ønskjer tilbakemelding så raskt som mulig, seinast 15. juli.

Skal me få til ein flott Landsfinale, treng me mange positive og blide funksjonærar.

Sportskomiteen for Landsfinalen for bilcross junior 2015

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.