Tilbakemeldingane etter parallellracet var positive frå både førerar og publikum. I bilcross-klassen vart det ein kamp mellom Knut Endre F. Ringhagen og Torbjørn Østerbø Veland, der Knut Endre til slutt gjekk seirande ut, eit lite sekund framfor Torbjørn.
I rallycross junior kjørte Joakim Rønnevik fort og fekk ei sluttid som ville plassert han midt i feltet blant RCN i/2400. I den klassen var det Glenn Olav Lothe som var raskast, men berre ubetydeleg framfor Lars Ivar Øie og Sigbjørn Hannisdal rett bak der igjen. I klassen inntil 2000 ccm var det Ernst Holten Leifsen som var suveren, drøyt 2 sek. framfor Steinar Stokke. Lars Reidar Frøyland vann klassen over 2400 ccm, men var over 4 sek. bak Ernst.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.