Press "Enter" to skip to content

Daniel Holten nr. 11 i Supercar på Lånke

Last updated on 3. juli 2013

Som i fjor har Daniel Holten leigd bilen til Frode Holte for å delta i Supercars under EM-rundane på Lånke og i Høljes. På Lånke nådde han målet om semifinaleplass, etter at han var nr. 9 etter dei fire innleiande omgongane. I dei to omgongane lørdag fekk han 11. og 16. plass. Søndag gjekk det enno betre. I 3. omgong vart det 7. tid, berre 131 tusendeler bak fjerdeplass. I 4. omgong vart det 8. tid, og dermed var plassen i semifinalen sikra.
        Dessverre kom det ein ulyd i girkassen når han skulle kjøra fram til semifinalen. Det gjorde m.a. at dei valde ikkje å varma dekka før start, noko som nok gjekk utover starten. Ellers fungerte girkassen greit i semifinalen, der Daniel kjørte inn til 5. plass.

No gledar han seg til sesongens høgdepunkt som er EM-runden i Høljes 6. og 7. juli, og håpar mange tar turen for å oppleva den fantastiske stemninga og folkelivet i skogane rett over svenskegrensa.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.