Daniel Holten kjørte inn til andreplass i den andre NM-runden i bakkeløp på Vålerbanen søndag. Nok ein gong var det Lars Øivind Enerberg som vann, men Daniel var no berre 19 hundredeler bak, mot 36 hundredeler i runden på lørdag.
Kenneth Johansen kjørte inn til ein ny åttendeplass.
Samanlagt i NM leiar Lars Øivind Enerberg med 55 poeng, medan Daniel på andre har 43 poeng. Kenneth ligg på niande plass med sine 26 poeng. Dei to neste, og siste, rundane i NM i bakkeløp går på Varna ved Moss 17. og 18. august. I finaleløpet er det doble poengsummar, så ingenting er avgjort samanlagt.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.