Vergudane var ikkje på NMK Vikedal si side når det vart arrangert klubbmesterskap for crosskart, bilcross, og motocross. Over 80 deltakerar stilte til start. Veret var ufyselig i starten av dagen, men letta litt ut på ettermiddagen. Dei nyoppsette vandrepokalane for bilcross og motocross var det Sølve Østbø frå Ølen og Adrian Vik frå Fitjar som sikra seg eit napp i. Bilcross har hatt vandrepokal tidlegare år, men den vann Sølve til odel og eige i fjor.
Dei yngste klassane i motocross, 50 og 65 ccm, kjører utan konkurranse, men det er svært imponerande å sjå korleis dei handterar motorsyklane under slike krevjande forhold som det var laurdag.
I 85 ccm-klassen var det Johan Kilane (Erfjord) som takla forholda best og gjekk til topps i klubbmesterskapet. Nærmast han kom Sigve Reimers Holten Leifsen (Vikedal) og Sindre Aarsbog Berekvam (Suldalsosen).
Adrian Vik (Fitjar) kjørte raskast i 125 ccm-klassen framfor Theodor Vestbø Reimers (Bjoa) og Mikal Hauso Flesjå (Nå). Det var også desse tre som gjorde ein flott innsats i lag NM i Elverum i august.
7 år gamle Victoria Tveit-Runge (Tysværvåg) er åleine om å kjøra Crosskart Mini, men ser ut til å få konkurranse av fleire neste år.
To som kjørte i den klassen tidligare, Daniel Veland Skeie og Endre Stople Enge, har no kjørt nokre år i Crosskart 85 ccm. Laurdag dominerte Daniel i dei to første omgongane før Endre akkurat klarte å vinna i tredje omgong. I finalen var det igjen Endre som var raskast og vann framfor Daniel.
Vegard Owe (Sandeid), som vann førre løp og NMK Vikedal cup for bilcross junior, sleit med ein bil som øydela drivakslingar i innleiande omgongar. Han kom seg likevel til finalen der det vart ein frisk kamp med dei som var best etter innleiande omgongar, Mathias Leifsen (Vikedal) og Torstein Steine (Suldal). Den gjekk Vegard seirande ut av når begge drivakslingane var heile, med Mathias og Torstein på dei neste plassane.
I bilcross senior hadde heile 34 førerar funne fram grombilen og stilte til start. Det glatte føret saman med vilje som ikkje stod heilt i stil med evner og feste førte til ein del snurringar men utan dei heilt store skadene. I A-finalen skjedde det mykje, med mange snurringar og nesten-snurringar. Den som akkurat heldt seg innanfor grensene, men hadde eit par tilfeller heilt på grensa, var Sølve Østbø (Ølen). Han vann framfor Bjørn Cato Aarekol (Sandeid) og Thomas Hundseid Eikeland (Vikedal). Sølve tok dermed første napp i den nye vandrepokalen etter at han vann den forrige i fjor.
Dette var siste løpet for sesongen på Vikedal Motorbane. Det blir nok litt treningar på lørdagar fram til frosten kjem og klargjering til neste sesong. Årets sesong har vore svært bra med NM-runden i rallycross i Vikedal med gode lokale resultater som høgdepunkt for bil og flott innsats i NM-runden for motocross lag i Elverum for motocrossgruppa.
NMK Vikedal takkar alle for innsatsen i år og ønskjer alle velkomne tilbake neste år.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.