Lørdag 12. oktober er det klart for klubbmesterskap for bilcross, crosskart og motocross.
Det blir same opplegg som tidlegare år med start kl. 10:30. Bilcross og crosskart kjører 3 omgongar + finalar, medan motocross kjører ein treningsomgong og to heat. Om deltakinga blir som venta, er siste finale i mål rundt kl. 16:15.
For motocross finn du tilleggsreglar og påmelding ved å følgja denne linken…
I år blir det arrangert med oppvisningsklasser i 50/65, 85, 125 ccm jr. og MX Open. Det blir kåra klubbmester i 85, 125 ccm jr. og MX Open. Alle må ha gyldig medlemskap i NMK Vikedal og nasjonal lisens for å delta (kom og prøv-lisens er dessverre ikkje godt nok). Oppdatert informasjon kan og finnast på Facebook-sida til MX-gruppa.
Hugs at det går å kjøra på eingongslisens i bilcross for dei som ikkje har løyst lisens for heile året, men medlemskap i NMK Vikedal må vera i orden og betalt.
Du finn reglane for klubbløp under pkt. 13 her…
Eingongslisens for bilcross (ikkje junior) kan kjøpast på nett (Konkurranse – Bilcross (ikke junior) – Bilsportlisens). Då skriv du «Eingongs» i feltet for lisensnr. i påmeldinga. Når lisensen blir kjøpt står det eit lisensnr. på kvitteringa som må skrivast inn på teknisk kontroll skjemaet. Denne kvitteringa må og visast på innsjekk.
Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – crosskart
Påmelding – bil
Førebels startliste – bil
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.