Press "Enter" to skip to content

Heimesigrar i NMK Vikedal cup

Heimeførerane dominerte i finalen i NMK Vikedal cup laurdag. I NMK Vikedal cup får ein poeng i alle dei tre bilcrossløpa som har vore arrangert i Vikedal i år. Vegard Owe frå Sandeid var suveren i bilcross junior-klassen, medan Tobias Johansen frå Ølen tok hand om seniorklassen i strålande haustver.

            Vegard Owe vann alle sine heat i innleiande omgongar suverent og hadde beste startspor i finalen. Der vart det jamnare ut frå start, men Vegard kom seg først gjennom første sving og hadde full kontroll på sigeren etter det. Bak han var det tett kamp og fleire skifte i rekkefølgja. Nærmast i mål var Heine Lian, Oltedal, framfor tvillingane Torstein og Thomas Steine frå Suldalsosen. Caroline Karlsen og Magnus Kvåle, NMK Bergen, følgde deretter.

            Samanlagt vann Vegard Owe etter å ha vunne to løp og blitt nr. 3 i  det siste. Med seg på pallen fekk han Matheo Hjellestad, NMK Bergen, og Regina Ylvisåker Reiakvam, NMK Sunnfjord.

Vegard Owe var suveren både i løpet og NMK Vikedal cup.

            Tobias Johansen hadde ikkje full klaff i innleiande omgongar, men vann B-finalen og gjekk viadre til A-finalen. Der stod Kjell Vidar Handeland frå Sauda i beste startspor med Thomas Hundseid Eikeland. Thomas måtte gi seg tidleg med tekniske problemer. Tobias hadde ein kjempestart frå ytterste startspor og runda rundt alle og kom først gjennom første sving. Deretter var det mest spennande kven som skulle komma nærmast. Det var det til slutt Ole Apeland, NMK Egersund, som gjorde, med Kjell Vidar rett bak.

Tobias Johansen gjekk til topps i seniorklassa på heimebane framfor Ole Apeland, NMK Egersund, og Kjell Vidar Handeland, NMK Vikedal.

            Seieren i finaleløpet sikra Tobias seieren samanlagt i NMK Vikedal cup. Sondre Åsheim frå Ølen som leia før finalen sleit med tekniske problemer og vart nr. 7, men sikra deg andreplassen i cupen. Thomas Hundseid Eikeland vart nr. 3.

Med seier i finalen, sikra Tobias Johansen seg sigeren i NMK Vikedal cup. Sondre Åsheim vart nr. 2 og Thomas Hundseid Eikeland nr. 3. Alle kjører for NMK Vikedal.

            Martin Nes, Vikedal, var einaste deltakar i crosskart 85 ccm og Vilde Holthe Owe i crosskart 125 ccm. Det var og gjesteklasse for rallycross der det vart kjørt ein samla klasse. Alle deltakerane her var frå NMK Bergen og det var Rudi Andres Rossland som vann framfor Karoline Breivik og Krister Bratli.

            Det blir sesongavslutning i Vikedal med klubbløp for både bilcross, crosskart og motocross laurdag 12. oktober.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.